Utklippstavle - utvalstavle

Kolbjørn Stuestøl <[email protected]>
Newsgroups gmane.comp.internationalization.norwegian
Message-ID <[email protected]>
I tillegg til den vanlege utklippstavla, har LibreOffice også ein 
funksjon der du merker ein tekst og deretter flytter markøren til ein ny 
stad og klikkar med den midtre museknappen. Den merkte teksten vil bli 
kopiert til der markøren er sett. Dette er heilt uavhegig av den vanlege 
utklippstavla.

I UI er dette kalla Clipboard/utklippstavle (en, nn). I handboka 
(engelsk) er funksjonen kalla "Selection clipboard". Eg har drista meg 
til å endre dette i nynorskversjonen til «utvalstavle» også i UI. (Blir 
vel ikkje synleg før neste oppgradering). Dette for å halde dei to 
tavlene frå kvarandre.

(Ligg i fila cui/source/options.po:
msgid "Paste clipboard"
msgstr "Lim inn frå utklippstavla")

Innstillinga ligg i /Verktøy -> Innstillingar -> LibreOffice -> Vis/

Helsing
Kolbjørn Stuestøl
lmpx.com only provides a reader for public news (NNTP) servers. It is not affiliated with the servers or forums shown here and is not responsible for the content of articles, which is written by their respective authors.