Re: Trenger en eller flere som kan hjelpe til med LibreOffice.

Kolbjørn Stuestøl <[email protected]>
Newsgroups gmane.comp.internationalization.norwegian
Message-ID <[email protected]>
Den 12.05.2013 15:18, skreiv Karl Ove Hufthammer:
> ty. den 11. 12. 2012 klokka 04.58 (+0100) skreiv Olav Dahlum:
>> Jeg lurer egentlig bare på om en eller flere her er interessert i å
>> oversette deler av LibreOffice til bokmål sammen med meg.
>> Det er fortsatt ingen som er villige til å kikke på nynorsk, så denne
>> ligger for øyeblikket brakk.
>>
>> Du finner oversikten her:
>> https://translations.documentfoundation.org/nb/
> I SVN-arkivet vårt ligg det omsettingsfiler for OpenOffice.org
> http://svn.skolelinux.no/websvn/listing.php?repname=skolelinux&path=%2Ftrunk%2Fi18n%2Fopenoffice%2F&#acb3e0947e97497c15add7be8386d09a1
> men dei har ikkje blitt oppdaterte på over to år.
>
> Kva er forholdet mellom desse og dei offisielle omsettingane?
> Bør openoffice-mappa hos oss slettast?
>
Eg har ikkje brukt SVN-arkivet, og kjenner difor ikkje til samanhengen 
mellom dette og dei offisielle omsetjingane. Eg omset direkte på 
https://translations.documentfoundation.org/nn/ (eg har også tilgang til 
/nb/). I dette systemet kan ein velje å omsetje direkte på skjermen 
eller å laste ned po-filene og omsetje på desse og deretter laste dei 
opp igjen. I skjermversjonen får eg opp omsetjingane til bokmål, dansk 
og svensk dersom desse finst. Greit for samanlikning. Systemet er litt 
tungvindt, men brukbart.

Ser at for LibreOffice 4.0 UI er det der 816 ord som ikkje er omsette på 
nb og 4 på nn. Dei 4 er OPT_BARRIER, OPT_TOUCH, OPT_PROB_HIT og 
OPT_PROB_INMONEY. Noen forslag til omsetjingar her?
Elles treng sidene, både nb og nn, sikkert språkvask. Språkføringa er 
ikkje konsekvent og følgjer ikkje alltid retningslinjene for omsetjing.

Behovet er likevel større for omsetjing av Help-filene. Her er 114 559 
(nb) og 216 542 (nn) ord ikkje omsette.

Helsing
Kolbjørn Stuestøl

_______________________________________________
i18n-no mailing list
[email protected]
https://lister.ping.uio.no/mailman/lister.ping.uio.no/listinfo/i18n-no
lmpx.com only provides a reader for public news (NNTP) servers. It is not affiliated with the servers or forums shown here and is not responsible for the content of articles, which is written by their respective authors.