Re: Namn i rekneark
Kolbjørn Stuestøl <[email protected]>
| Newsgroups | gmane.comp.internationalization.norwegian |
|---|---|
| Message-ID | <[email protected]> |
Den 13.05.2013 15:02, skreiv Thomas Nygreen: > Eg er einig i at TEL er eit godt forslag. Eg har aldri heild klart å > venja meg til TAL, så sjølv om eg generelt er skeptisk til å endre dei > mest nytta funksjonsnamna, trur eg denne vil vere lett å bli vand med. Amen > > Eg skulle òg ønske at vi fann ei konsekvent ordning med DERSOM/VISS. > No er det SUMMER.VISS men TAL.DERSOM. (Forresten heiter det SUMMERHVIS > utan punktum i Excel, Kolbjørn, så det er feil i lista di på > stuestoel.no <http://stuestoel.no>.) Takker. Skal rette det når eg får tid. Er akkurat nå ute på andre oppdrag utan tilgang til opplasting til nettsida. Eg har vore inne på dette tidlegare og er einig i at i desse samanhengane er VISS betre enn DERSOM. (Dette endåtil om eg til vanleg skriv "dersom". Noen kvar er vel nøydd til å sale av ein kjepphest eller to for å få best mogleg resultat). > > Sånne namneendringar hadde vore mykje enklare om LibreOffice ga noko > meir enn berre #NAMN! når ein nyttar eit funksjonsnamn som er endra, > til dømes autokorrektur eller ein infoboks. Ja, irriterande feilmelding som i grunnen ikkje seier anna enn at du har feil. Samstundes vil jo LO vise dei endra namna i alle formlane og i formellistene, så problemet er ikkje uoverkomeleg. Helsing Kolbjørn Stuestøl > > -thomas > > > 2013/5/13 Kolbjørn Stuestøl <[email protected] > <mailto:[email protected]>> > > Den 12.05.2013 15:02, skreiv Karl Ove Hufthammer: > > to. den 21. 02. 2013 klokka 16.13 (+0100) skreiv Kolbjørn > Stuestøl: > > *Spesielt for nynorsk:* > > COUNT er omsett med TAL. Lett å misforstå. Forslag: > TAL.PÅ > (Bokmål: > ANTALL) > > Kva med TEL i staden for TAL? > > Gjeld funksjonane > Engelsk > nn > nb > Excel > Handling > COUNT > TAL > ANTALL > ANTALL > Tel kor mange tal det er i lista med argument. > COUNTA > TALA > ANTALLA > ANTALLA > Tel kor mange verdiar det er i lista med argument. > COUNTIF > TAL.DERSOM > ANTALL.HVIS > ANTALL.HVIS > Tel argument som passar med vilkåra. > COUNTIFS > TAL.DERSOM.SETT > ANTALL.HVIS.SETT > ANTALL.HVIS.SETT > Tel cellene som samsvarar med kriteria i fleire område. > YEARS > TAL.PÅ.ÅR > ANTALL.ÅR > ? > Reknar ut talet på år i ein gitt periode. > SHEETS > TAL.PÅ.ARK > ANTALL.ARK > ANTALL.ARK > Talet på ark. > > > Ut frå lista ovanfor, skulle det vel ikkje vere noe i mot å bruke > forslaget ditt? > Utspel? > > Helsing > Kolbjørn Stuestøl >