Re: Funksjonar i LibreOffice, Calc

Thomas Nygreen <[email protected]>
Newsgroups gmane.comp.internationalization.norwegian
Message-ID <CALHNUvFATQBxqKmaOzsbM-+8sJapmLAaQK5_9STmVO1TGYVzUA@mail.gmail.com>
Eg meiner det er fire viktige omsyn ved omsetjing av namn på funksjonar:

1: Namnet må vera i tråd med vanleg norsk namnebruk på fagområdet. I dette
tilfellet talar det for å skife til BITVSKIFT og BITHSKIFT på både nynorsk
og bokmål.
2: Når namnet først er omsatt bør det normalt ikkje endrast. Talar for å
halde på BITVFORSKYV og BITHFORSKYV.
3: Namnet bør vera så likt som mogleg på nynorsk og bokmål.
4: Namnet på bokmål bør vera likt som i norsk Excel, om ikkje omsetjinga
der er idiotisk.

Siden Excel-namnet berre er litt idiotisk, trur eg det er best med
BITVFORSKYV og BITHFORSKYV på nynorsk òg. Om vi vel BITVSKIFT og BITHSKIFT,
bør vi òg endre på bokmål.

-thomas

2013/5/18 Karl Ove Hufthammer <[email protected]>

> må. den 13. 05. 2013 klokka 11.28 (+0200) skreiv Kolbjørn Stuestøl:
> > Sjølv om BITVSKIFT er ei god løysing, er problemet at LibreOffice nb og
> > Excel bruker BITVFORSKYV og tilsvarande.
> > Reint teknisk er det ikkje noe problem å endre dette. Blir BITVFORSKYV
> > bytt ut med BITVSKIFT, vil LO automatisk endre alle gamle formlar til
> > den nye versjonen. Men vil folk endre vanane sine?
>
> Tja, eg tvilar på det er så mange som brukar desse funksjonane (og endå
> færre som også brukar LibreOffice på nynorsk). Dette er med andre ord
> ikkje noko stort problem.
>
> --
> Karl Ove Hufthammer
> http://huftis.org/
> Jabber: [email protected]
>
>
> _______________________________________________
> i18n-no mailing list
> [email protected]
> https://lister.ping.uio.no/mailman/lister.ping.uio.no/listinfo/i18n-no
>

_______________________________________________
i18n-no mailing list
[email protected]
https://lister.ping.uio.no/mailman/lister.ping.uio.no/listinfo/i18n-no
lmpx.com only provides a reader for public news (NNTP) servers. It is not affiliated with the servers or forums shown here and is not responsible for the content of articles, which is written by their respective authors.