OPT-formlar i rekneark

Kolbjørn Stuestøl <[email protected]>
Newsgroups gmane.comp.internationalization.norwegian
Message-ID <[email protected]>
Fire funksjonar som ikkje er omsette til norsk (bokmål, nynorsk) i 
LibreOffice og heller ikkje funne i Excel eller andre rekneark:

OPT_BARRIER
Bruk: (frå Hjelp-tekstane i funksjonsvegvisaren):

    OPT_BARRIER(punkt; vol; r; rf; T; strike; grense_nedre; grense_øvre;
    rabatt; put/call; knock in/out; grense_type; gresk)
    Prissetting av ein grenseopsjon.

OPT_PROB_HIT
Bruk: (frå Hjelp-tekstane):

    OPT_PROB_HIT(punkt; vol; drift; T; grense_nedre; grense_øvre)
    Sannsynet for at aktivumet når grensa føresett at det følgjer
    dS/S=mu dt + vol dW


OPT_PROB_INMONEY
Bruk: (frå Hjelp-tekstane):

    OPT_PROB_INMONEY(punkt; vol; drift; T; grense_nedre; grense_øvre;
    put/call; strike)
    Sannsynet for at eit aktivum vil vere mellom dei to grenseverdiane
    ved utløpet, føresett at dei følgjer dS/S=mu dt + vol dW (dersom dei
    to siste valfrie parametra (strike; put/call) er spesifiserte, vil
    sannsynet for S_T i [strike, upper barrier] for eit oppkall og S_T i
    [lower barrier, strike] for ein put bli returnert)


OPT_TOUCH
Bruk: (frå Hjelp-tekstane):

    OPT_TOUCH(punkt; vol; r; rf; T; grense_nedre; grense_øvre;
    framand/heimleg; knock in/out; grense_type; gresk)
    Prissetting av ein touch/no-touch opsjon


(Forklaringane er ikkje skrivne av meg).
Dette er langt utanom mitt fagfelt, og eg har heller ikkje funne nærare 
forklaringar på kva desse funksjonane gjer.
Funksjonane er lista opp i kategorien Økonomisk.
Noen forslag til eventuelle omsetjingar?
Det kan jo hende desse er så lite brukte at dei ikkje treng norsk versjon.

Helsing
Kolbjørn Stuestøl
lmpx.com only provides a reader for public news (NNTP) servers. It is not affiliated with the servers or forums shown here and is not responsible for the content of articles, which is written by their respective authors.