Re: ACOS -> INVERS.COS -> ARCCOS

Thomas Nygreen <[email protected]>
Newsgroups gmane.comp.internationalization.norwegian
Message-ID <CALHNUvGahksJ+=urkaxkazf90GCm9RfSrY7GuftDx-95Z+Qdnw@mail.gmail.com>
Som eg skreiv på denne lista 19. januar:

> Om ein skal samanlikne med vanleg matematisk bruk, er det mest relevant å
> samanlikne med kva ein nyttar i formlar og i matematisk programvare, ikkje
> dei fulle namna. På trykk og i reint matematiske program som Mathematicaog
> Maple er det arccos som vert nytta, medan berekningsorienterte program
> som Matlab og R nyttar acos. Engelsk Excel har acos, meda norsk Excel har
> arccos. Mange kalkulatorar nyttar cos^-1. Eg trur verken val av arccos
> eller acos vil utløyse nokon debatt i matematiske krinsar, vi er så vande
> med at det varierer frå program til program. Eg ville lagt meir vekt på å
> ikkje forvirre dei som er vande med Excel, eller vekslar imellom. (Synd då
> at norsk og engelsk Excel ikkje har same namn på desse funksjonane.)
>

Eg ville fjerna INVERS-formene så snart som råd. Om det vert ACOS eller
ARCCOS er hipp som happ. Sidan norsk og engelsk Excel ikkje er einige,
ville eg gått for samsvar med engelsk LibreOffice, altså ACOS.

-thomas


2013/6/17 Yngve Inntjore Levinsen <[email protected]>

> Ganske sikker på at arccos er det samme på engelsk og norsk, mens acos
> er kort-varianten som benyttes når man har plassmangel (eller skriver
> for hånd).
>
> invers cos er forklaringen på hva det er, så noen vil vel benytte
> begrepet muntlig for å gjøre det helt klart.
>
> Også her er de lange versjonene benyttet på engelsk:
> http://en.wikipedia.org/wiki/Inverse_trigonometric_function
>
> Det virker også inkonsistent for meg at norsk har oversatt til en
> 'beskrivende' form, mens man på nynorsk benytter den tekniske formen.
>
> Hvis det var opp til meg ville jeg benyttet samme tekniske form på
> engelsk som norsk. Det er det forfatteren av programmet har ment å
> benytte. Dersom 'inverse cosine' er skrevet på engelsk burde det
> naturlig nok oversettes med 'invers cosinus' (etc).
>
> Håper dette hjelper.
>
> Mvh,
> Yngve
>
> Den 16. juni 2013 22:42, skrev Kolbjørn Stuestøl:
> > I LibreOffice 4.1 (og tidlegare utgåver) er ein del funksjonar omsette
> > slik:
> > Engelsk  ->  nynorsk  ->  bokmål          ->   Excel
> > ACOS           ACOS            INVERS.COS        ARCCOS
> > ACOS           ACOSH         INVERS.COSH     ARCCOSH
> > ACOT           ACOT            INVERS.COT        ACOT
> > ACOTH        ACOTH          INVERS.COTH     ACOTH
> >
> > Kva er dei rette namna på norsk?
> > Ut frå det eg har forstått av tidlegare innlegg i dette forumet,
> > mellom anna 18.1.13, er det vel fornuftigast å bruke
> > originalversjonane her, men eg treng dette verifisert av
> > matematikarane eller andre som føler seg kalla. Kva er det vanlegaste
> > blant norske matematikarar (når dei skriv norsk)?  Det er for mange år
> > sidan eg sjølv var borte i denne typen matematikk.
> >
> > Kolbjørn Stuestøl
> >
> > _______________________________________________
> > i18n-no mailing list
> > [email protected]
> > https://lister.ping.uio.no/mailman/lister.ping.uio.no/listinfo/i18n-no
>
>
> _______________________________________________
> i18n-no mailing list
> [email protected]
> https://lister.ping.uio.no/mailman/lister.ping.uio.no/listinfo/i18n-no
>

_______________________________________________
i18n-no mailing list
[email protected]
https://lister.ping.uio.no/mailman/lister.ping.uio.no/listinfo/i18n-no
lmpx.com only provides a reader for public news (NNTP) servers. It is not affiliated with the servers or forums shown here and is not responsible for the content of articles, which is written by their respective authors.