Re: ACOS -> INVERS.COS -> ARCCOS

Kolbjørn Stuestøl <[email protected]>
Newsgroups gmane.comp.internationalization.norwegian
Message-ID <[email protected]>
Ut frå tidlegare innlegg føreslår eg då av vi brukar desse nemningane på 
norsk i LibreOffice (Excel er utanfor vårt område):

Engelsk      nynorsk    bokmål    Excel
ACOS         ACOS       ACOS      ARCCOS
ACOS         ACOSH      ACOSH     ARCCOSH
ACOT         ACOT       ACOT      ACOT
ACOTH        ACOTH      ACOTH     ACOTH

ASIN         ASIN       ASIN      ARCSIN
ASINH        ASINH      ASINH     ARCSINH
ATAN         ATAN       ATAN      ARCTAN
ATAN2        ATAN2      ATAN2     ARCTAN2
ATANH        ATANH      ATANH     ARCTANH

Dette betyr i praksis ingen endringar på nynorsk.
For bokmålsfilene har eg bare løyve til å kome med forslag, noe som er 
gjort. Reknar med at Olav Dahlum ordnar resten.

Det er ikkje for seint å eventuelt bruke same nemningane som i Excel om 
dette er ønskjeleg. LibreOffice 4.1 er ei førebels (development) utgåve. 
Eg veit ikkje når denne blir til ein fullverdig versjon.

For oss som ikkje er helt bevandret udi matematiken, ville nok 
INVERS.SIN vere meir forståeleg enn ASIN, men eg reknar med at dei 
fleste som nyttar desse funksjonane kjenner dei og nemningane frå før. 
Etter kvart blir jo også hjelpfunksjonane i LibreOffice godt utbygde.

Kolbjørn

_______________________________________________
i18n-no mailing list
[email protected]
https://lister.ping.uio.no/mailman/lister.ping.uio.no/listinfo/i18n-no
lmpx.com only provides a reader for public news (NNTP) servers. It is not affiliated with the servers or forums shown here and is not responsible for the content of articles, which is written by their respective authors.