Formelnamn i LibreOffice 4.2

Kolbjørn Stuestøl <[email protected]>
Newsgroups gmane.comp.internationalization.norwegian
Message-ID <[email protected]>
I betautgåva av LibreOffice 4.2 er det gjort ein del forandringar i 
formlane. Oversynet mitt på http://www.stuestoel.no/office/LO-4.2.php 
bygger på beta 1.

Noen formlar har gått ut, andre er komne til. Ein del er rydding for å 
gjera dei engelske formelnamna meir eins i oppbygging.

Ein del formlar har bokstavane P og S etter punktum (T.d. COVARIANCE.P 
OG COVARIANCE.S). P står for population og S for sample. Sidan desse er 
brukte også på norsk tidlegare, har eg også brukt P og S i dei nye 
forslaga. Kan faktisk forsvarast dersom vi omset population til 
populasjon og sample til stikkprøve.

For å forenkla bruken, burde vel tilleggsfunksjonane for ein formel koma 
etter hovudordet. Nå er t.d. BETA.INV omsett til INVERS.BETAFORDELING 
medan FINV er omset til FFORDELING.INVERS. Det mest fornuftige ville vel 
vera å bruka BETAFORDELING.INVERS? INV er forresten av og til omsett til 
INVERS og andre gonger til INV. Kanskje litt konsekvens hadde vore på 
sin plass her også?

På nynorsk har eg endra DERSOM til VISS i alle formlane.

Overgangen frå 4.1 til 4.2 er ikkje så svært stor, men stor nok til å 
diskutera funksjonsnamna?

Håper noen som har greie på dei ulike disiplinane innan matematikken, og 
andre fag, kan hjelpa til her.

Det meste av brukargrensesnittet (UI) for 4.2 er nå omsett til nynorsk. 
Det som manglar er ord som eg ikkje er sikker på samanhengen til. 
"Index" t.d. kan jo vera så mangt. Reknar med at eg har bomma litt på 
noen omsetjingar. Det er ikkje så enkelt sidan det ikkje er råd å sjå 
omsetjingane før ved neste utgåve.

Helsing
Kolbjørn Stuestøl
lmpx.com only provides a reader for public news (NNTP) servers. It is not affiliated with the servers or forums shown here and is not responsible for the content of articles, which is written by their respective authors.