Re: Formelnamn i LibreOffice 4.2
Kolbjørn Stuestøl <[email protected]>
| Newsgroups | gmane.comp.internationalization.norwegian |
|---|---|
| Message-ID | <[email protected]> |
Den 08.12.2013 02:07, skreiv Thomas Nygreen: > Er det så at der det berre står eit formelnamn i merknad-kolonna, er > dette det gamle namnet? Og er det berre dei nynorske omsettingane som > er i spel no, eller òg dei bokmålske? Namna som står i kolonnane Engelsk, Nynorsk, Bokmål er dei namna som er i bruk nå i versjon 4.1 og/eller 4.2. Namna er henta frå po-filene, ikkje frå det bygde programmet, så det *kan* vere avvik frå det du ser når du køyrer LO. Det kan av og til gå noen veker mellom oppdateringane. Er namna ulike, vil namna brukte i po-filene kome med i neste oppdatering. Det som står i Merknad var eigentleg tenkt til eige bruk, og er stort sett forslag til nemningar. Forslaga her er på nynorsk og må evt. omsetjast til bokmål. > > Eigentlg skjønar eg ikkje kvifor ACOS o.l. treng omsetting. Same med > BETA.INV. Det er forkorta på engelsk, så kvifor ikkje på norsk? Den > same forkortinga funkar like bra på norsk. Men som eg har vore inne på > i tidlegare diskusjonar, kan der vera lurt å følgje norsk Excel i > mange slike tilfelle. Eg vil tru at det er det vanlegaste > samanlikningsgrunnlaget for flesteparten av dei norske LO-brukarane. > Sjølv brukar eg nynorsk, bokmål og engelsk LO og norsk og engelsk > Excel om kvarandre, så eg ville likt om det òg var mindre skilnader > mot engelsk, men eg trur vi bør prioritera jamstilling av dei norske > versjonane. M.o.t. forkortingane, er eg einig her. Eg er også tilhengar av korte namn, i det minste for ofte brukte funksjonar. Ja, planen er å setje opp også oppdatert liste over funksjonsnamna også for Excel, men slikt tar tid. Kjem etter kvart. Helsing Kolbjørn Stuestøl > > Med venleg helsing > Thomas Nygreen > > > 2013/12/7 Kolbjørn Stuestøl <[email protected] > <mailto:[email protected]>> > > I betautgåva av LibreOffice 4.2 er det gjort ein del forandringar > i formlane. Oversynet mitt på > http://www.stuestoel.no/office/LO-4.2.php bygger på beta 1. > > Noen formlar har gått ut, andre er komne til. Ein del er rydding > for å gjera dei engelske formelnamna meir eins i oppbygging. > > Ein del formlar har bokstavane P og S etter punktum (T.d. > COVARIANCE.P OG COVARIANCE.S). P står for population og S for > sample. Sidan desse er brukte også på norsk tidlegare, har eg også > brukt P og S i dei nye forslaga. Kan faktisk forsvarast dersom vi > omset population til populasjon og sample til stikkprøve. > > For å forenkla bruken, burde vel tilleggsfunksjonane for ein > formel koma etter hovudordet. Nå er t.d. BETA.INV omsett til > INVERS.BETAFORDELING medan FINV er omset til FFORDELING.INVERS. > Det mest fornuftige ville vel vera å bruka BETAFORDELING.INVERS? > INV er forresten av og til omsett til INVERS og andre gonger til > INV. Kanskje litt konsekvens hadde vore på sin plass her også? > > På nynorsk har eg endra DERSOM til VISS i alle formlane. > > Overgangen frå 4.1 til 4.2 er ikkje så svært stor, men stor nok > til å diskutera funksjonsnamna? > > Håper noen som har greie på dei ulike disiplinane innan > matematikken, og andre aktuelle fag, kan hjelpa til her. > > > Det meste av brukargrensesnittet (UI) for 4.2 er nå omsett til > nynorsk. Det som manglar er ord som eg ikkje er sikker på > samanhengen til. "Index" t.d. kan jo vera så mangt. Reknar med at > eg har bomma litt på noen omsetjingar. Det er ikkje så enkelt > sidan det ikkje er råd å sjå omsetjingane før ved neste utgåve. > > Helsing > Kolbjørn Stuestøl > > _______________________________________________ > i18n-no mailing list > [email protected] <mailto:[email protected]> > https://lister.ping.uio.no/mailman/lister.ping.uio.no/listinfo/i18n-no > >