Re: array og subrutine i BASIC

Karl Ove Hufthammer <[email protected]>
Newsgroups gmane.comp.internationalization.norwegian
Message-ID <[email protected]>
la. den 08. 02. 2014 klokka 18.46 (+0100) skreiv Kolbjørn Stuestøl: 
> Finst det eintydige norske omsetjingar av
> 1: array
> 2: subrutine
> som kan brukast i hjelp for BASIC i LibreOffice?

Det skal godt gjerast, då det ikkje finst eintydige definisjonar av kva
eit «array» er på *engelsk*! :) Varierer jo litt frå programmeringsspråk
til programmeringsspråk, sjølv om grunnkonseptet er nokolunde
greitt/likt.

Så vidt eg veit, vert «arrays» gjerne kalla «matriser» på norsk. Meiner
òg det har vore brukt i bøker, om for eksempel om Java-programmering.
Bør òg vera rimeleg uproblematisk å snakka om n-dimensjonale matriser.
Kor mange dimensjonar kan for øvrig desse datastrukturane ha i
LibreOffice?

Når det gjeld god terminologi, er dette veldig kontekstavhengig. I nokre
samanhengar kan tabell vera ei OK omsetting for «array», mens i
LibreOffice har ein andre ting som vert kalla tabellar, så denne
omsettinga er automatisk diskvalifisert. Løvdal nemnte R. Her har me
endå fleire nærliggande omgrep og datastrukturar, og ein skil mellom
matrix, array, vector og table (og fleire andre tabell-liknande
strukturar me ikkje treng gå inn på her). Her er «matrise»
diskvalifisert som omsetting for «array» – men bra for «matrix». Og
«vector» vert sjølvsagt «vektor». Som ein kuriositet kan eg nemna at i R
er ei matrise eit spesialtilfelle av ein vektor, mens i matematikken er
det jo som kjent omvendt! Eg har for øvrig omsett R til nynorsk, og då
endte eg opp med matrise, array, vektor og tabell. Her var det rett og
slett ikkje noko brukbart norsk ord for «array». Men så lenge det ikkje
finst noko som heiter «matrise» i LibreOffice Basic, synest eg «matrise»
er ei god omsetting av «array» der.

«Subroutine» må nok bli «subrutine». «Delrutine» eller «underrutine» er
jo *rett*, og litt «meir norsk», men det er vel svært få som brukar
desse orda? Har iallfall inntrykk av at «subrutine» er rimeleg etablert.
Og prefikset sub- vert jo også brukt i andre norske ord, utan at orda
vert oppfatta som fremmandsord for det (eksempelvis snakkar me jo om
subarktiske strøk).

-- 
Karl Ove Hufthammer
http://huftis.org/
Jabber: [email protected]


_______________________________________________
i18n-no mailing list
[email protected]
https://lister.ping.uio.no/mailman/lister.ping.uio.no/listinfo/i18n-no
lmpx.com only provides a reader for public news (NNTP) servers. It is not affiliated with the servers or forums shown here and is not responsible for the content of articles, which is written by their respective authors.