LibreOffice feilmeldingar

Kolbjørn Stuestøl <[email protected]>
Newsgroups gmane.comp.internationalization.norwegian
Message-ID <[email protected]>
Språkfeil i norsk LibreOffice.
Både brukargrensesnittet (97 426 ord) og hjelp for LibreOffice (437 842 
ord) er språkleg svært omfattande. Mykje av dette er omsett til bokmål 
og nynorsk, men det seier seg sjølv at det i praksis er uråd å unngå 
feil. Så det hadde vore fint å få litt hjelp.

Er du brukar av LibreOffice og oppdagar feil som har med dei norske 
versjonane å gjere, anten det er språkfeil, feil i lenker, eller kva det 
måtte vere, ville det vere til stor hjelp om du i staden for å ergra deg 
over feilen, tok deg eit par minutt til å legga ut ei melding om det her 
i forumet. Sjølvsagt med såpass beskriving av feilen og kvar han er at 
det er råd å finne han igjen for omsetjarane. (Programfeil må 
rapporterast andre stader).

Systemet arbeider litt sakte, så det kan hende feilen eigentleg er 
retta, men ikkje komen med i dei siste oppdateringane. Det vil såleis 
også ta litt tid før rettingane blir synlege. Som oftast ved neste 
versjon, men ikkje alltid då heller.

Vi prøver å halde oss til «Språklege retningslinjer» 
(http://i18n.skulelinux.no/retningslinjer.html) og «Fellsesordliste for 
dataord på bokmål» 
(http://i18n.skulelinux.no/nb/Fellesordl.eng-no.html#mitered), men mange 
av omsetjingane er gjort av ulike personar til ulike tider. Dette har 
ført til språklege inkonsekvensar som også bør rettast.

Omsetjingane blir nå utførte for versjonane 4.1 og 4.2 av LibreOffice.

Ser fram til å få hjelp av deg.

Helsing
Kolbjørn
lmpx.com only provides a reader for public news (NNTP) servers. It is not affiliated with the servers or forums shown here and is not responsible for the content of articles, which is written by their respective authors.