Re: LibreOffice feilmeldingar

Kolbjørn Stuestøl <[email protected]>
Newsgroups gmane.comp.internationalization.norwegian
Message-ID <[email protected]>
Den 01.04.2014 22:04, skreiv Karl Ove Hufthammer:
> su. den 16. 03. 2014 klokka 15.04 (+0100) skreiv Kolbjørn Stuestøl:
>> Språkfeil i norsk LibreOffice.
>> Både brukargrensesnittet (97 426 ord) og hjelp for LibreOffice (437 842
>> ord) er språkleg svært omfattande. Mykje av dette er omsett til bokmål
>> og nynorsk, men det seier seg sjølv at det i praksis er uråd å unngå
>> feil. Så det hadde vore fint å få litt hjelp.
> Minner om at ein kan bruka Pology-skriptet ‘check-rules’ til
> å finna mange språkfeil i omsettingsfilene automatisk. (Førebels er
> berre nynorsk støtta her.)
>
> For øvrig veldig kjekt at det vert arbeida med omsettinga av LibreOffice
> til norsk. Det hender eg brukar programmet, og
> då er det veldig hyggeleg å sjå at det er på nynorsk.
>
Eg arbeider i Windows og bruker Cygwin for å emulere Linux.
Eg køyrde Pology på UI-filene for GIMP, men git og pology arbeidde ikkje 
godt samen i Cygwin. Truleg noen filer eller adresser som blei 
overskrive. Planen var å finne ut av kva årsaka til krasjet var, men det 
finst eit par andre ting også å finne på, særleg på denne årstida. :-)
Sjølve kontrollprosessen med Pology verka heilt fint. Fann opp til mange 
feil og inkonsekvensar.

Helsing
Kolbjørn


_______________________________________________
i18n-no mailing list
[email protected]
https://lister.ping.uio.no/mailman/lister.ping.uio.no/listinfo/i18n-no
lmpx.com only provides a reader for public news (NNTP) servers. It is not affiliated with the servers or forums shown here and is not responsible for the content of articles, which is written by their respective authors.