LibreOffice

Kolbjørn Stuestøl <[email protected]>
Newsgroups gmane.comp.internationalization.norwegian
Message-ID <[email protected]>
Det meste av brukar-grensesnittet for LibreOffice er nå omsett for 
versjonane 4.2 og 4.3. (Per i dag: Nynorsk: 100 % omsett for begge, 
bokmål: 99 % for v. 4.2 og 97 % for v. 4.3).

Sjølvsagt er det feil i omsetjingane. Mellom anna er det ofte vanskeleg 
under omsetjinga å vite kva samanheng orda blir brukte i. (Kva betyr 
"select" i denne setninga?). Eit anna problem er fagterminologien. Ikkje 
alle er fagfolk på alle område. Arbeidet er utført av fleire ulike 
personar, difor finn du også inkonsekvent språkbruk i begge 
omsetjingane. Og sjølvsagt skrivefeil.
Difor ville det vere fint om du melde frå om feil når du finn dei. Det 
er råd å bruke feilmeldigsprosedyren i LibreOffice, men det enklaste og 
raskaste er å bruke denne lista. (For nynorsk kan du også sende direkte 
til meg).

Håper du på denne måten vil hjelpa til med å gjera LibreOffice enda noen 
hakk betre.

Rettingane blir ikkje synlege før ved neste versjon.

Arbeidet med å omsetje Hjelp for LibreOffice 4.3 er også i gang. 93 % er 
omsett til nynorsk, 73 % til bokmål. Gled deg for kvar oppdatering.
For versjon 4.2 er 89 % omsett til nynorsk, 74 % til bokmål. Håper på 
tid til å omsetje meir når omsetjinga for 4.3 er ferdig. I dag blir det 
stort sett bare gjort rettingar i eksisterande omsetjing for denne 
versjonen.
Sjølvsagt er vi glade for tilbakemeldingar om feil også i «Hjelp for 
LibreOffice».
Helsing
Kolbjørn Stuestøl

_______________________________________________
i18n-no mailing list
[email protected]
https://lister.ping.uio.no/mailman/lister.ping.uio.no/listinfo/i18n-no
lmpx.com only provides a reader for public news (NNTP) servers. It is not affiliated with the servers or forums shown here and is not responsible for the content of articles, which is written by their respective authors.