Re: "Feed source"

Karl Ove Hufthammer <[email protected]>
Newsgroups gmane.comp.internationalization.norwegian
Message-ID <[email protected]>
on. den 29. 10. 2014 klokka 00.29 (+0100) skreiv Eyolf Østrem:
> Hei, liste.

Hei, og hjarteleg velkommen her på lista!

> Hvordan vil dere oversette "update feed source"? Fellesordlista har "feed" =
> "kilde", og "source" - vel, det burde også være "kilde", men å "oppdatere
> kilde-kilden" ser ikke HELT godt ut. Noen bud?

Ja, uff, «feed» er det evige problemet. Det er eit dårleg ord på
engelsk, og det blir like dårleg på norsk.

Eg trur svaret må bli veldig kontekstavhengig. Kva er «feed source» i
dette tilfellet? Er det snakk om ein «RSS-feed» (eller «Atom-feed»
e.l.), altså ei maskinlesbar fil på nettet som inneheld overskrifter og
ingressar til ein nettstad?

Viss svaret er ja, er omsettinga avhengig av kor teksten dukkar opp.
Viss ein for eksempel har ein RSS-lesar, der ein har ei liste over
kjelder ein abonnerer på, og kan høgreklikka på kvar enkelt av dei og
velja «update feed source», kan noko so enkelt som «Hent oppdateringar»
fungera. Eller kanskje rett og slett «Oppdater». Men om teksten dukkar
opp på ein hovudmeny, saman med mykje anna, og ikkje er knytt til ein
spesifikk «feed», trengst ei anna løysing.

Og om det ikkje er snakk om RSS o.l. i det heile tatt, men noko med
mating i eitt eller anna dataspel, kan omsettinga innehalda «mat(ing)».
Konteksten er som alltid viktig. Så om du kan forklara litt nøyare kva
«update feed source»-funksjonen gjer, og kor han dukkar opp, kan me
kanskje gje betre svar. :)

-- 
Vennleg helsing
Karl Ove Hufthammer


_______________________________________________
i18n-no mailing list
[email protected]
https://lister.ping.uio.no/mailman/lister.ping.uio.no/listinfo/i18n-no
lmpx.com only provides a reader for public news (NNTP) servers. It is not affiliated with the servers or forums shown here and is not responsible for the content of articles, which is written by their respective authors.