LibreOffice på norsk

Kolbjørn Stuestøl <[email protected]>
Newsgroups gmane.comp.internationalization.norwegian
Message-ID <[email protected]>
For å kunne omsetje LibreOffice måtte eg setje meg inn i ulike 
funksjonar i dei ulike programdelene. Ein måte å gjere det på, var å 
omsetje handbøkene parallelt med hjelpfilene og UI for programmet. Ein 
del av dette arbeidet har eg lagt ut på nettsida 
http://www.stuestoel.no/office/office.php i håp om å glede eit par andre 
i adventstida. (Alt er på nynorsk, eg har ikkje kapasitet til også å 
omsetje til bokmål).

Under arbeidet har eg også retta feil og inkonsekvensar i nynorsk i UI- 
og hjelp-filene for versjonane 4.3 og 4.4 når eg har kome over dei. 
Etter kvart er nokså mykje etter retningslinjene i 
http://i18n.skolelinux.no/retningslinjer.html, men mykje står sjølvsagt 
igjen.

Dersom du bruker LibreOffice ville det hjelpe ein god del om du sende 
ein omtale av dei feila du finn i sjølve programmet (UI), hjelpfilene 
eller handbøkene til denne lista i staden for bare å ergra deg over 
dårleg omsetjingsarbeid. Gjeld sjølvsagt både bokmål og nynorsk.

Bør vel gjere merksam på at mykje som er retta i v. 4.3 og 4.4 ikkje 
blir synleg før neste oppdatering som for v. 4.3  er planlagt til denne 
veka (v. 4.3.5) og for 4.4 i veke 5 i 2015 (v. 4.4.0, dvs. første utgåve).
(Dei siste månadane har eg ikkje sett på versjon 4.2. Oppdateringar for 
denne var planlagt avslutta 19. nov. 2014, men eg har ikkje kontrollert 
dette).

Helsing
Kolbjørn
lmpx.com only provides a reader for public news (NNTP) servers. It is not affiliated with the servers or forums shown here and is not responsible for the content of articles, which is written by their respective authors.