Re: Aggregate i rekneark

Kjetil Torgrim Homme <[email protected]>
Newsgroups gmane.comp.internationalization.norwegian
Message-ID <[email protected]>
On Fri, 2015-02-13 at 18:41 +0100, Kolbjørn Stuestøl wrote:
> Kva skal funksjone AGGREGATE heite på norsk?
> Funksjonen finst i LibreOffice Calc, men er ikkje forklart i hjelpseksjonen.
> Exel har omsett han med MENGDE. (Sjå 
> https://support.office.microsoft.com/nb-no/article/Funksjonen-MENGDE-991c9adc-88dc-4ab9-9fbf-04346623d79d).

MENGDE er etter mi meining ei uheldig omsetjing som forvirrar meir enn
ho klargjer.  MENGDEOPERASJON ville vere marginalt betre.

kva versjon av LibreOffice?  eg finn det ikkje i min kopi (4.1).

> Etter det eg kan sjå, minner funksjonen om DELSUM (SUBTOTAL på engelsk), 
> men har innebygd ein del fleire funksjonar.
> Bruk: «AGGREGATE(Funksjon; Innstillingar; Ref1 eller tabell; Ref2..n 
> eller k1; Ref2..n eller k2; …)»
> I forklaringa i LibreOffice heiter det:
> 
>     Nynorsk: «Reknar ut ei aggregering (eit spesielt samandrag) i eit
>     rekneark.»
>     Bokmål: «Regner ut en aggregering i et regneark.»
>     Engelsk: "Calculates an aggregate in a spreadsheet."
> 
> Ikkje så mykje å bli klok på.
> For meg betyr "aggregate" ei opphoping/oppsamling eller noe liknande, 
> men engelskkunnskapane mine og kunnskapane om rekneark er kanskje ikkje 
> heilt det dei burde ha vore.

i databaser vert funksjonar som tek ei mengde som inndata og returnerer
eitt tal kalla aggregerande funksjonar.  lista hos Microsoft viser
dette.  AVERAGE, SUM, MIN, MAX osv. er vanlege eksempel (som også
finnest som eigne funksjonar i Excel og LO Calc), men som du ser har dei
ikkje så mykje felles i bruksområde.

om LibreOffice' implementasjon av AGGREGATE samsvarar med Excel, vil eg
helle mot at det er betre å kopiere deira omsetjing, uansett kor dårleg
ho er.

alternativt vil eg foreslå SAMLE() som nytt namn på ein slik
meta-funksjon.

-- 
venleg helsing,
Kjetil T.


_______________________________________________
i18n-no mailing list
[email protected]
https://lister.ping.uio.no/mailman/lister.ping.uio.no/listinfo/i18n-no
lmpx.com only provides a reader for public news (NNTP) servers. It is not affiliated with the servers or forums shown here and is not responsible for the content of articles, which is written by their respective authors.