Re: Bruke Transifex for KDE-oversettelser?

Karl Ove Hufthammer <[email protected]>
Newsgroups gmane.comp.internationalization.norwegian
Message-ID <[email protected]>
On 23. mars 2015 10:04, Odin Hørthe Omdal wrote:
> Det skal seiast at Transifex ikkje er fri programvare lengre.  Det er 
> no meir som GitHub er, i staden for det som t.d. Gitorious var.  Mao. 
> ikkje AGPL programvare lengre.  Det treng ikkje ha noko å seia, men er 
> greit å vera klar over dersom ein framleis trudde Transifex var ei 
> FaiF teneste som tidlegare.

Eg vart veldig skuffa når Transifex vart proprietær programvare og – 
ikkje nok med det – til og med annonserte at dei ville patentera 
teknologien deira.

For øvrig har eg brukt Transifex (og fleire liknande tenester), og mi 
meinig er at det er eit svært ineffektivt system å arbeida i samanlikna 
med Lokalize.

Når det er sagt, er det svært viktig at folk er heilt frie til å bruka 
dei verktøya dei føretrekker. Det er med andre ord ingenting i vegen for 
at tekniske kompetente personar kan få omsetta KDE via ikkje-frie, 
patenterte system som Transifex og liknande. Det einaste eg vil krevja er:

1  At systema fungerer teknisk korrekt. Dvs. at dei gjev ut gyldige 
omsettingsfiler, ikkje øydelegg filhovuda, tar vare på eksisterande 
omsettarkreditering i filhovuda og legg til ny/oppdatert 
omsettarkreditering der.

2  At ein har tilgangskontroll, slik at ein har styring med kven som kan 
endra omsettingane (slik at me ikkje får same katastrofen med «drive-by 
translating» som me hadde/har med Rosetta).

3  Personane er sjølv ansvarlege for å tilbakeføra omsettingsfilene til 
SVN. Dei må då ta hand om integrering av filene, og blant anna handtera 
omsettingsfiler som er flytta, har endra namn, er delt i fleire delar 
eller blitt slått saman nye filer. Dette skjer *heile tida* i KDE, som 
er eit stort prosjekt, sett saman av mange program og modular.

-- 
Karl Ove Hufthammer
lmpx.com only provides a reader for public news (NNTP) servers. It is not affiliated with the servers or forums shown here and is not responsible for the content of articles, which is written by their respective authors.