Re: Aggregate i rekneark
Kolbjørn Stuestøl <[email protected]>
| Newsgroups | gmane.comp.internationalization.norwegian |
|---|---|
| Message-ID | <[email protected]> |
Den 27.03.2015 23:08, Karl Ove Hufthammer skreiv: > On 27. mars 2015 21:07, Kolbjørn Stuestøl wrote: >> >> Sigmund Hansen seier i innlegget sitt at "aggregering" er i bruk i >> IT-miljøet mellom anna ved UiO for å lage statistikk. Ordet er altså >> i bruk, om ikkje innan faget statistikk. Likevel eit lite pluss for >> AGGREGER(). > > Ordet er absolutt i bruk innan statistikk! Eller i databehandling > generelt. Det er eit nivå «oppanfor» rådata. Tenk det at du samlar inn > data om/frå nokre personar. Du samlar for eksempel inn informasjon om > kjønn, alder, bustad og yrke. I staden for å visa rådata / data på > individnivå, vel du vanlegvis å visa data på gruppenivå / > samandragsdata / aggregerte data. > > Så i staden for å visa alderen til kvar enkeltperson, viser du eit > samandrag, typisk gjennomsnittsalderen eller medianalderen. Ofte gjer > ein dette fordelt på gruppe (eks. gjennomsnittsalder for kvart kjønn, > eller fordelt på kjønn og yrke). I typisk «aggregeringsfunksjonalitet» > i eit dataprogram vil det vanlegvis vera støtte for å rekna ut eit > samandrag for kvar «gruppe» (verdiar av éin eller fleire > variablar/kolonnar). I rekneark gjer ein dette gjennom > pivotfunksjonalitet. Men AGGREGATE() derimot gjer *ikkje* det ein > (kanskje) ville forventa ut frå namnet (det må ein bruka pivotering > til); det er berre ein rar måte å kalla andre samandragsfunksjonar > (men med ikkje-standard handtering av spesialceller). > > Håpar dette var noko oppklarande. :) > Ja, så absolutt. Takker. God forklaring. Forståeleg sjølv for meg. :-) Helsing Kolbjørn