Markup language

Kolbjørn Stuestøl <[email protected]>
Newsgroups gmane.comp.internationalization.norwegian
Message-ID <[email protected]>
Finst det norske ord for "markup" og "markup language"?
Eg kjenner koden mellom anna frå HTML og XML, men der trengst ikkje 
omsetjing. Vi bruker forkortingane.

I LibreOffice Math, som er eit program for å skrive inn matematiske 
formlar kan eg skrive inn "markup-en" %ALFA  i redigeringsvindauget. 
Dette blir i visingsvindauget vist som stor, gresk alfa.

Språket blir kalla "Markup language". Koden "markup".
"Markup-en" «%pi simeq 3,14» vil skrive ut «pi er tilnærma lik 3,14» med 
dei rette matematiske teikna. (Fann ikkje dei rette kodene i 
e-postprogrammet mitt).

Førebels har eg brukt «kodespråk» og «kode», som sikkert er nøy nok i 
dette tilfellet, men dersom det finst andre ord for dett, vil eg jo 
helst bruke desse.
Søk på nettet gav ikkje noe tilfredsstillande resultat. Det næraste eg 
kom var «markeringsspråk».

Helsing
Kolbjørn Stuestøl
lmpx.com only provides a reader for public news (NNTP) servers. It is not affiliated with the servers or forums shown here and is not responsible for the content of articles, which is written by their respective authors.