LibreOffice --- igjen

Kolbjørn Stuestøl <[email protected]>
Newsgroups gmane.comp.internationalization.norwegian
Message-ID <[email protected]>
LibrOffice 4.3.x, 4.4.x og 5.0.1 skal i følgje nettsidene vere 100 % 
omsette til nynorsk.

Men --- dette er diverre ikkje heile sanninga. Det er framleis ein del 
feil i omsetjingane. Omsetjingsfeil, skrivefeil, uklare formuleringar, 
inkonsekvent språkbruk og sikkert ein heil del andre ting. Med nesten 
550 000 ord omsette over fleire år, har det lett for å bli litt rusk. 
Dessutan har eg funne ord og setningar som ikkje er omsette sjølv om dei 
er omsette i po-filene (språkfilene). Dette har noko med oppdateringar å 
gjere trur eg.

Så, når du finn feil, ville det vere fint om du melde frå på denne 
lista. Dette gjeld sjølvsagt både bokmål og nynorsk. (Difor eg sender 
dette til fellesforumet).  For nynorsk kan du også sende direkte til meg 
om du tykkjer det er greiast. Forklar såpass mykje omkring feilen at det 
er råd å finne han i igjen språkfilene.

Du finn nedlastingane på  https://no.libreoffice.org/ eller
https://www.libreoffice.org/download/libreoffice-fresh/
(Den siste oppdateringa kallar dei "fresh").

Det er eit stort behov for fleire omsetjarar, så har du lyst er det 
berre å melde frå på denne lista. 76 %  av LibreOffice er omsett til bokmål.

Helsing
Kolbjørn Stuestøl

_______________________________________________
i18n-no mailing list
[email protected]
https://lister.ping.uio.no/mailman/lister.ping.uio.no/listinfo/i18n-no
lmpx.com only provides a reader for public news (NNTP) servers. It is not affiliated with the servers or forums shown here and is not responsible for the content of articles, which is written by their respective authors.