Re: Har noen her testet weblate som webbasert ove rsetterverktøy?

Karl Ove Hufthammer <[email protected]>
Newsgroups gmane.comp.internationalization.norwegian
Message-ID <[email protected]>
Den 30. nov. 2015 22:26 skreiv Petter Reinholdtsen:
> I Freedombox-prosjektet vurderes <URL: https://hosted.weblate.org/ > som
> alternativ til Transifex som webbasert oversetterverktøy.  Er det noen
> her som har erfaring med det?  Er det effektivt?

Tja, samanlikna med kva? Eg har testa det, og i likheit med alle andre 
slike nettbaserte omsettingsverktøy er det veldig mykje mindre effektivt 
enn eit skikkeleg lokalt omsettingsverktøy, som Lokalize. Når det er 
sagt, har det ein brukbar Zen-modus, som hjelper mykje på når det gjeld 
effektivitet.

Når eg testa det, hadde det ein alvorleg feil ved opplasting av 
omsettingsfiler, der omsettingskommentarar vart fjerna. Ein skulle 
visstnok fiksa dette. Eg har ikkje testa det på nytt no, men observerer 
iallfall at omsettingskommentarar vert fjerna ved *nedlasting*, noko som 
er like alvorleg.

Av slike system eg har sett på (eg har vel brukt dei fleste, trur eg), 
er nok dette det mest lovande. (Men konkurransen er ikkje spesielt hard. 
Du nemner Transifex, og det kan vel vanskeleg verta verre enn det 
makkverket.) Og brukargrensesnittet ser i det minste nokolunde moderne ut.

Men for oss som ikkje har uendeleg mykje fritid å ta av, vil framleis 
bruk av Lokalize (og andre verktøy me kan køyra lokalt) vera svært mykje 
meir effektivt, og gje høgare kvalitet på omsettingane.

-- 
Karl Ove Hufthammer
lmpx.com only provides a reader for public news (NNTP) servers. It is not affiliated with the servers or forums shown here and is not responsible for the content of articles, which is written by their respective authors.