Sudoku-«cages» på norsk

Karl Ove Hufthammer <[email protected]>
Newsgroups gmane.comp.internationalization.norwegian
Message-ID <[email protected]>
Nokon sudokuentusiastar her på lista? Eg held på med å setja om spelet 
KSudoku til nynorsk, og kom der over omgrepet «cage», som vert brukt i 
sudoku-varianten killer-sudoku.

«Killer» er grei; det heiter visst «killer» på norsk òg. Det er utgjeve 
ei norsk bok med tittelen «Killer-sudoku» 
(https://www.cappelendamm.no/_killer-sudoku-vegard-hanssen-9788202260194), 
so den saka er klar. I denne sudoku-varianten har ein same reglar som i 
vanleg sudoku, men det er teikna inn visse felt («cages») som omsluttar 
cellene. Kvart felt har eit tal, og summen av siffera som inngår feltet 
må vera lik dette talet.

Spørsmålet er kva «cages» heiter på norsk. Svaret står sikkert i boka, 
men den boka har ikkje eg. Eg finn det naturleg å kalla dei felt, men 
«bur» er sjølvsagt òg ei løysing. Eller «område». Eller «boksar». 
Spørsmålet er altså ikkje kva det *bør* heita, men kva som no *vert* 
bruk som norsk term. Nokon som veit?

-- 
Karl Ove Hufthammer
lmpx.com only provides a reader for public news (NNTP) servers. It is not affiliated with the servers or forums shown here and is not responsible for the content of articles, which is written by their respective authors.