Re: myspell-filer (bm): Mangler "noe" og "noen" i den vanlige ordlisten?

Karl Ove Hufthammer <[email protected]> Tue, 14 Jun 2016 21:20:14 +0200
Newsgroups gmane.comp.internationalization.norwegian
Message-ID <[email protected]>
Petter Reinholdtsen skreiv 14. juni 2016 15:50:
> Jeg tror vi har importert alle ord fra ordbanken en gang for lenge siden
> i datasettet som lå på no.speling.org.  Det burde antagelig gjøres på
> nytt, med nytt opplegg for vedlikehold av ordene i stavekontrollen.

Ja, det trur eg stemmer. Problemet var at denne importen vart gjort på 
eit tidspunkt då fullformsordlistene hadde *mange* feil, som seinare 
vart retta. Det var blant anna mange ord som feilaktig var markerte som 
«normert» sjølv om dei ikkje var det (dvs. dei var stavefeil). Dette 
vart seinare retta opp, men berre i fullformsordlistene, ikkje 
stavekontrollen.

Eg trur òg det *framleis* er ein feil i fullformsordlistene der enkelte 
ord (men langt frå så mange som før) feilaktig vert markerte som 
«normert». Om eg ikkje hugsar feil, er det slik at ord kan verta markert 
som «normert» om grunnordet dei er baserte på er «normert» men bøyinga 
er «unormert». Det var ein feil som ordbankfolka var klar over, og 
skulle retta, men det vart visst aldri gjort. (Eg melde det inn for 
mange år sidan.)

I tillegg kjem sjølvsagt endringar i ordlistene på grunn av endringar i 
sjølve norma (spesielt 2012-reforma for nynorsk, der mange ord og 
bøyingar forsvann ut – og ein del nye kom inn).

-- 
Karl Ove Hufthammer