Flytting av KDE-omsettingsfilene til KDE

Karl Ove Hufthammer <[email protected]> Mon, 12 Sep 2016 21:56:24 +0200
Newsgroups gmane.comp.internationalization.bokmal,gmane.comp.internationalization.nynorsk,gmane.comp.internationalization.sami,gmane.comp.internationalization.norwegian
Message-ID <[email protected]>
Denne e-posten går til alle dei fire omsettingslistene. Send eventuelle 
svar til i18n-no-lista, der dei fleste er medlemmar.

Til no har omsettinga av KDE til nynorsk, bokmål og nordsamisk gått føre 
seg i vårt lokale SVN-depot, offentleg tilgjengeleg frå

http://svn.skolelinux.no/websvn/listing.php?repname=skolelinux&path=%2Ftrunk%2Fi18n%2F&

(mappene «kde4» og «skript»).

Eg (som omsettingskoordinator) synkroniserer desse (meir eller mindre 
regelmessig) med KDE-programma, dvs. oppdaterer omsettingsfilene våre 
med dei siste tekstendringane i KDE-programma, slik at alle nye og endra 
tekstar *kan omsettast*, og overfører omsettingsfilene frå vårt depot 
til KDE-depotet, slik at dei oppdaterte omsettingane *vert brukte* i 
programma. Dette omfattar òg noko (dels automatisk, men dessverre òg ein 
del del manuell) «opprydding» og feilretting.

Frå KDE si side har det nyleg komme forslag/ønske om at me i staden for 
å ha vårt eksterne/lokale SVN-depot skal bruka KDE-depotet direkte. 
Dette vil gjera nokre tekniske ting enklare.

Kva vil dette å seia for deg som vil bidra med omsettingar i KDE? I 
praksis ikkje so mykje. I staden for å henta og senda inn 
omsettingsfiler frå/til vårt SVN-depot, vil du gjera det frå/til 
KDE-depotet. Du kan bruka akkurat dei same kommandoane og programma som 
før. Og me vil framleis bruka «Summit»-arbeidsflyten 
(https://techbase.kde.org/Localization/Workflows/PO_Summit).

Det er *mange* som har skrivetilgang til vårt SVN-depot. For eksempel 
tel eg for bokmålsomsettinga av KDE totalt 48 unike bidragsytarar sidan 
1998 – dei fleste rett nok med få/kortvarige bidrag. Skrivetilgangen 
vert ikkje overført automatisk til KDE-depotet, so for å få 
skrivetilgang der må du senda ein søknad og få godkjenning frå meg (som 
omsettingskoordinator). Denne tilgangen vil eg sjølvsagt gje til alle 
(tidlegare) aktive omsettarar som ber om det. Det er òg mogleg å bidra 
ved å senda omsettingsfiler manuelt på e-post til meg, som eg so vil 
kontrollera og legga inn i KDE-depotet om dei er i orden (akkurat som me 
òg har gjort for SVN-depotet vårt).

Nye omsettarar er som alltid veldig velkomne. Der gjer me det på same 
måte – at dokker sender omsettingsfiler til meg som eg kontrollerer 
(teknisk og språkleg), og so sender inn til KDE-depotet (ev. etter nokre 
rundar med rettingar og forbetringar). Når de har vore aktive over tid 
og alt ser bra ut, er det ikkje noko problem å få direkte skrivetilgang. 
Send meg ein e-post for meir informasjon.

Synspunkt eller spørsmål? Merk at det ikkje er *avgjort* at me skal 
flytta, men viss det ikkje kjem nokon protestar, vil eg truleg ta denne 
avgjerda. :)

-- 
Vennleg helsing
Karl Ove Hufthammer