Re: Flytting av KDE-omsettingsfilene til KDE

Karl Ove Hufthammer <[email protected]> Tue, 13 Sep 2016 22:45:34 +0200
Newsgroups gmane.comp.internationalization.norwegian
Message-ID <[email protected]>
Petter Reinholdtsen skreiv 13. sep. 2016 21:20:
>> Framleis er nok Web-baserte plattformer svært lite effektive verktøy
>> >for omsetting.
> Det kommer nok an på øynene som ser.  De to som oversatte
> Skolelinux-håndboken, Sonic Pi, Freedombox/Plinth til bokmål og nå er i
> gang med Debian-håndboken ble mye mer effektive da de kunne bruke en
> webbasert platform.

Svært overraskande, men sjølvsagt bra for dei prosjekta.

Men eg har ikkje lyst til å gjera dette til (nok ein) diskutasjon om kva 
programvare som er best eller verst til omsetting. Folk har sine ulike 
favorittar, og skal få lov til å ha det. Og i KDE kan alle bruka nett 
dei programma dei sjølv vil til å omsetta! Leve mangfaldet! :)

>> >Men for de som er interesserte i å bidra med omsetting, ver klar over
>> >at me i KDE har eit brukarvennleg verktøy for dette. Det raskt å læra
>> >(ein kan gjerne læra seg å bruka det på to minutt), og det er svært
>> >effektivt å arbeida med.
> Hvordan håndterer det git-konflikter?

Null problem. KDE brukar ikkje Git til omsettingar, so det har me ikkje 
noko av. ;)

(Me brukar SVN …)

Men det er eit *omsettingsprogram*, so det har ikkje noko med handtering 
av versjonskontrollsystemkonfliktar å gjera, og har ikkje nokon 
funksjonalitet for det. Slike konfliktar ryddar ein opp eksternt (i 
praksis typisk berre ved å be om at alle sine eigne endringar 
overskriver motpartens).

*Om* slike konfliktar skulle oppstå, altso. I praksis oppstår slikt 
svært sjeldant (om nokon gong) i godt styrte omsettingsprosjekt. Om dei 
skulle oppstå (altso viss to personar redigerer dei same filene 
samtidig), er det heller eit symptom på mangel på kommunikasjon mellom 
omsettarane, noko som ingen tekniske system kan bøta på. Teknologiske 
løysingar på ikkje-tekniske problem er sjeldan gode løysingar.

Merk for øvrig at Weblate heller ikkje har noko system for handtering av 
Git-konfliktar; dei må ryddast opp i manuelt der òg.

>> >OK. Det tar eg som éin stemme*for*  flytting. Men korleis vert det då
>> >med oppdatering av fellesordlista vår
>> >(http://i18n.skulelinux.no/nb/Fellesordl.eng-no.html) og dei andre
>> >nettsidene som me (berre) kan oppdatera via SVN?
> Det tror jeg det er lurt at dere aktive oversettere lager en plan for.

Hm. Eg kan alltids legga ut filene på min eigen nettstad, berre for å ha 
dei ein plass. Men det vanskeleggjer sjølvsagt at andre kan redigera dei 
(ikkje at det er noko stor sak – det er sju år sidan nokon andre enn eg 
redigerte dei). Og so er det ikkje særleg fint med nettadresser som 
viser til ei personleg nettside …

> Tror ikke det er noe vits at jeg synser uten mer direkte kontakt med
> oversettelsearbeidet som gjøres, og driftsgruppen til Skolelinux er i
> praksis kun meg selv, så det er ikke noe poeng å drømme om en innsats
> derfra.

Men *viss* me finn ein høveleg plass å ha desse nettsidene, kunne du 
sett opp vidaresending av dei gamle adressene, slik at dei framleis vil 
fungera?

Det er nemleg fleire nettsider (og ikkje minst innlegg her på listene) 
som har lenkjer til dei, og det er synd om desse lenkjene skulle slutta 
å fungera (jf. https://huftis.org/artiklar/lenkjerote-og-vidaresending/).

> For fellesordlisten minnes jeg at Gisle Hannemyr har laget
> <URL:http://www.creativecommons.no/ord_ennb  > som kanskje kan overta.

Den var jo fin. Eg mislikar (*veldig*) at ein ikkje kan sjå alle orda på 
ein gong, men det er kanskje mogleg å få gjort noko med. (Eg har fleire 
gongar brukt søkefunksjonen i nettlesaren for å finna rett ord, og det 
fungerer ikkje når ein ikkje har alle orda samla.) Eg noterer at dette 
er noko me bør sjå nærare på.

> Har vage minner om at han  også laget et annet nettsted, men det klarte
> jeg ikke finne nå.

Det var vel òg (minst) ein annan som hadde forslag/planar om å laga nye 
nettsider (ein «portal»?) for omsettingsprosjektet/-prosjekta for nokre 
år sidan. Men det er jo eit gjerokrati, so ingenting blir gjort om ikkje 
nokon faktisk *gjer* det, so det vart ikkje noko av det. :/

-- 
Karl Ove Hufthammer