Re: Teikning av linjer – line cap og line join

"Leif Halvard Silli" <[email protected]> Sat, 22 Oct 2016 22:21:11 +0200
Newsgroups gmane.comp.internationalization.norwegian
Message-ID <[email protected]>
On 21 Oct 2016, at 21:39, Karl Ove Hufthammer wrote:

> Hei!
>
> I dei fleste nokolunde avanserte teikneprogram kan ein velja korleis 
> linjer skal teiknast. Når ei linje er tjukk, vert ho jo ein 
> todimensjonal figur og ikkje berre ein «strek». Men kva skal me 
> kalla dei ulike måtane å teikna opp linjer på på norsk?
>
> Første aktuelle omgrep «(line) cap». Dette er enden av ei linje. 
> Det er vanlegvis tre måtar endane kan teiknast på, «butt», 
> «round» og «square». Sjå 
> https://www.w3.org/TR/svg-strokes/#LineCaps for ein illustrasjon på 
> kva dette tyder.
>
> Først, kva skal me kalla «cap» eller «line cap» på norsk?

Eg vonar eg ikkje vert saga no, som svenskane seier, men kva med 
«kapp»? Eventuelt «kapping»?
-- 
Leif Halvard Silli