Re: Color management
Kolbjørn Stuestøl <[email protected]> Tue, 23 May 2017 20:49:14 +0200
| Newsgroups | gmane.comp.internationalization.norwegian |
|---|---|
| Message-ID | <[email protected]> |
Den 23.05.2017 17:43, skreiv Karl Ove Hufthammer: > Kolbjørn Stuestøl skreiv 23. mai 2017 15:47: >>>>>> Black point compensation → kompensering for svartpunkt >>>>>> (fellesordlista) / svartpunktkompensering >>>>> «Svartpunktskompensering» (med fuge-s) er kanskje meir naturleg? >>>> Etter å ha tenkt meg om er eg samd. > > Fint. :) > > Eg har no oppdatert fellesordlista med dette (og med «kompensering for > svartpunkt» som alternativ). Har òg endra «fargeområde» til «fargerom» > og lagt til nokre av dei andre fargetermane («colour depth» og «colour > profile»). Takkar for mykje god hjelp. Fint å få oppdatert fellesordlista, ho er til god hjelp i mange tilfelle, saman med retningslinjene dine. > >>>>>> 16-bit integer →16-bit heiltal (8-, 16-, 32- og 64-bit >>>>>> 16-bit floating point → 16-bit desimaltal >>>>> «16-bits heiltal» og «16-bits flyttal» (merk «bits», ikkje «bit»). >>>> I fellesordlista står det at "bit(s)" skal omsetjast til «bit >>>> (flertall: bit)». Difor. >>> Men genitiv «bits»? Som i «ein fire-siders A4-brosjyre» >> Sjølvsagt. Så langt tenkte eg ikkje. Går vel litt for fort av og til. >> Takk så mykje. >> «16-"bitars" heiltal» i staden for «16-"bitar" heiltal» :-) > > > Nettopp. Merknaden i fellesordlista gjaldt fleirtalsforma for > substantiv, der me brukar «bit», ikkje «bits», som mange skriv/seier, > eller «bitar»/«biter», som Microsoft (dessverre) konsekvent brukar i > sine omsettingar. Det er *lov* å bøya «bit» som anten «bit» eller > «bitar» (men ikkje «bits»!) i fleirtal på norsk, men me har valt å > standardisera på «bit». (Tilsvarande gjeld «byte», som kan bøyast > «byte» eller «bytar» i fleirtal.) Fin oppklaring. Eg brukar faktisk Windows, men har ikkje oppdaga «bitene» deira. Var forresten lite hjelp å få frå Microsoft då GIMP skulle tilpassast Windows. Men det er ei anna historie eg ikkje vil ta opp her. Kolbjørn _______________________________________________ E-postlista i18n-no [email protected] https://lister.ping.uio.no/mailman/lister.ping.uio.no/listinfo/i18n-no