Glossary group: ordlistesekvens (?)

"Leif Halvard Silli" <[email protected]> Mon, 25 Sep 2017 20:23:08 +0200
Newsgroups gmane.comp.internationalization.norwegian
Message-ID <[email protected]>
Hei

Ein del markeringspråk for dokumentproduksjon (DITA, LaTeX) opererer 
med «glossary group». DocBook har 'glossdiv' for omlag det same.

Ei «glossary group» er, slik eg forstår det, er ein del av ei større 
ordliste med sin eigen tittel. Eit typisk døme kunne rett og slett vera 
det at det står ein «A» til overskrift over orda som byrjar på 
bokstaven a. (Dei fleste større ordlister har slike titlar for å 
markera kvar ein ny bokstav byrjar, og dei fleste ordlister er med andre 
ord alfabetisk grupperte ordlister.)

Eit anna døme kunne vera gloselista for ein artikkel i ei bok - ei slik 
gloselista kan stå for seg sjølv saman med teksta, eller ho kan (i 
tillegg) setjast saman med andre «glossary group»-element for å skapa 
eit/ei komplett (temaordna) glossar/ordliste.

Ei slik glossary group kan dermed både vera si eiga lita ordliste - for 
seg sjølv, og ho kan vera del av ei større ordliste. (Slik er det 
iallfall i DITA.)

Som omsetjing har eg landa på ordet «ordlistesekvens» - det kan 
fungera som uttrykk både for ein sjølvstendig/laus ordlistesekvens og 
som eit uttrykk for ein sekvens i ei større ordliste.  Andre 
framlegg/ord i bruk?

Leif Halvard Silli

_______________________________________________
E-postlista i18n-no
[email protected]
https://lister.ping.uio.no/mailman/lister.ping.uio.no/listinfo/i18n-no