Re: Fellesordlista - glyph

Karl Ove Hufthammer <[email protected]> Wed, 23 May 2018 22:06:15 +0200
Newsgroups gmane.comp.internationalization.norwegian
Message-ID <[email protected]>
Kolbjørn Stuestøl skreiv 23. mai 2018 21:14:
> Ser at Glyph i Fellesordlista er omsett med *glyff*. Er dette ein 
> skrivefeil? Eg meiner det korrekte er å bruke *glyf* om eit teiknbilde. 

Eg finn ikkje ordet i Nynorskordboka, Bokmålsordboka eller Det Norske 
Akademis ordbok (og Norsk Ordbok likar jo ikkje ordet som kjem før i i 
alfabetet …).

Men eg finn det i Store norske leksikon (SNL), med skrivemåten «glyf»: 
https://snl.no/glyf_-_typografi
Wikipedia på bokmål/riksmål skriv òg «glyf» (med «glyff» i parentes), 
mens Wikipedia på nynorsk skriv «glyff».

Når me (eg?) la det til, hadde me nok ein grunn for denne skrivemåten 
(uttale?). Men no bør me vel følgja SNL (det er vanlegvis autoriteten 
vår etter ordbøkene), med mindre det finst ein god grunn til å bruka 
skrivemåten med to f-ar.

Eg skulle gjerne ha oppdatert fellesordlista, men nett no får eg ikkje 
kontakt med svn.skolelinux.no, som me brukar til å redigera 
fellesordlista og dei språklege retningslinjene våre. Er maskina kanskje 
nede? (Og sist eg sjekka inn endringar, vart desse aldri 
offentleggjorde, så det er kanskje større tekniske problem?)

-- 
Karl Ove Hufthammer


_______________________________________________
E-postlista i18n-no
[email protected]
https://lister.ping.uio.no/mailman/lister.ping.uio.no/listinfo/i18n-no