Re: Språklistene (Re: Fellesordlista - g lyph)

Karl Ove Hufthammer <[email protected]> Fri, 8 Jun 2018 18:01:23 +0200
Newsgroups gmane.comp.internationalization.norwegian
Message-ID <[email protected]>
Thomas Gramstad skreiv 05. juni 2018 00:32:
>> Kva er bussfaktoren¹?
>
>> ¹ https://en.wikipedia.org/wiki/Bus_factor
>
> Per idag er vi flere i styret som administrerer lister på
> serveren, og NUUG har også en egen driftsgruppe som er
> behjelpelig ved tekniske problemer.

Det er nok driftsgruppa som er det avgjerande her. Kven som er 
listeadministratorar er (bør iallfall vera) noko me sjølve kan velja. Eg 
er sjølv listadministrator for i18n-no, i18n-nn og i18n-nb i dag, og kan 
godt vera det for den nye lista også. Men listeadministratorar modererer 
berre meldingar og kan endra innstillingane for listene; dei styrer 
ikkje det tekniske. (Me har fleire listeadministratorar for 
i18n-no-lista i dag, men ingen av dei kan gjera noko dersom lista 
sluttar å fungera.)

>> Elles var eg ganske negativ til Mailman i ein tidlegare e-post, då 
>> Mailman ser og kjennest håplaust gammaldags ut (sjølv om det fungerer 
>> teknisk sett greitt nok). Men no ser eg nye Mailman (3+) har fått eit 
>> veldig mykje betre, meir elegant listearkiv. Demo på:
>>
>>  Oversikt over lister: https://lists.fedoraproject.org/archives/
>>  Arkiv for ei liste: 
>> https://lists.fedoraproject.org/archives/list/[email protected]/ 
>>
>
> Jeg vet om Mailman 3, men har ikke testet den. Et krav fra min
> side er å kunne gjøre listeadministrasjon via kommandolinje (slik
> som med listadmin-skriptet), og ikke måtte gå inn på websider.

Det er nok kjekt å ha, men er ikkje så nødvendig for min del, iallfall. 
Me får *nesten* aldri legitime meldingar fanga opp i filteret (det skjer 
viss nokon sender melding til lista utan å sjølv vera medlem). Så i 
praksis fungerer det fint å logga inn på nettsida kanskje ein gong i 
veka, sjå kjapt gjennom lista over meldingar og trykka (noko 
tilsvarande) «Slett alle»-knappen. Veldig kjapt og enkelt. Og om me er 
fleire som kan dela på ansvaret, er det endå betre. (Eg ser det er nokon 
som regelmessig ryddar opp i i18n-no, så konsentrerer meg vanlegvis om å 
moderera i18n-nn- og i18n-nb-listene.) Det bør vel gå å få nokon 
frivillige? (Me har rundt 130 medlemmar på i18n-no lista i dag …)

Men merk at me får *mykje* reklame til listene – fleire meldingar kvar dag.

>> *Vert* han faktisk vedlikehalden? Og har han fått manuelle
>> tryggleiksoppdateringar? Det har jo vore funne fleire
>> tryggleiksfeil i Mailman sidan 2006.
>
> Dette må driftsgruppen til NUUG svare på.

Kan du spørja driftsgruppa om dette?

Eg ser nemleg på for eksempel 
https://lists.nuug.no/mailman/listinfo/kart at versjonen er 2.1.9. 
Ifølgje 
https://bazaar.launchpad.net/~mailman-coders/mailman/2.1/view/head:/NEWS 
kom denne ut 12. september 2016. Allereie 21. april året etter kom ein 
ny versjon som tetta eit tryggleikshol. Og det har vore *mange* 
rettingar av tryggleikshol i versjonane etter dette.

Eg er klar over at ein av og til «tilbakeportar» rettingar av 
tryggleikshol til eldre versjonar, for eksempel i «stable»-utgåver av 
Debian. Men sjølv den eldste stabile versjonen av Debian, «Wheezy» 
(«oldoldstable») har ifølgje 
https://packages.debian.org/search?keywords=mailman ein mykje nyare 
versjon enn den som er på lists.nuug.no. (Og LTS-støtte for Debian 
«Wheezy» gjekk ut for ei veke sidan.)

Me bør køyra ein versjon som er *nokolunde* ny, spesielt av 
tryggleiksgrunnar, men òg for funksjonaliteten si skuld.

Andre alternativ er å *betala* for profesjonell vertskap for lista. Det 
er fleire selskap som tilbyr dette. Sjå for eksempel 
https://www.mailmanlists.net/ (frå $3 i månaden). Men då må nokon betala 
(kronerulling?) og me treng helst ein økonomi (ein organisasjon?).

Eg kan forresten òg ha lista på det private domenet mitt (er inkludert i 
prisen eg alt betalar), men det vil igjen medføra stor bussfaktor.

-- 
Karl Ove Hufthammer

_______________________________________________
E-postlista i18n-no
[email protected]
https://lister.ping.uio.no/mailman/lister.ping.uio.no/listinfo/i18n-no