Re: Fellesordlista - glyph
Karl Ove Hufthammer <[email protected]> Sat, 9 Jun 2018 20:11:35 +0200
| Newsgroups | gmane.comp.internationalization.norwegian |
|---|---|
| Message-ID | <[email protected]> |
Petter Reinholdtsen skreiv 09. juni 2018 15:13: > Nøkkelen ligger på plass som den skal i ~/.ssh/, og du har passord i > LDAP. Jeg mistenker dermed at du byttet ssh-nøkkel og glemt passordet. > Kommentaren til nøkkelen i ~huftis/.ssh/authorized_keys2 er "Karl Ove > Hufthammer@Karl Ove Hufthammer", hvis det kan bidra til å finne riktig > nøkkel. Eg fann til slutt ut av det, etter mykje feilsøking. Nøkkelen var korrekt, men var ein DSA-nøkkel, ikkje ein RSA-nøkkel. I nyare versjonar av openssh er støtte for DSA-nøklar slått av som standard. Løysinga er å legga PubkeyAcceptedKeyTypes +ssh-dss (for den aktuelle maskina) inn i ~/.ssh/config Så no kan eg oppdatera fellesordlista. Eg har endra omsettinga av «glyph» frå «glyff» til «glyf». Begge omsettingane er i bruk, og har vore det i mange år, men SNL brukar «glyf», og det er rimeleg å anta at eit normeringsvedtak ville hamna på «glyf», etter mønster frå «hieroglyf». (Fellesordlista er oppdatert i SVN, men det kan ta litt tid (ein time? eit døgn?) før sjølve nettsida vert oppdatert. Elles er det berre å melda inn her på lista andre ting de vil ha endra i fellesordlista, så kan eg oppdatera. -- Karl Ove Hufthammer _______________________________________________ E-postlista i18n-no [email protected] https://lister.ping.uio.no/mailman/lister.ping.uio.no/listinfo/i18n-no