Re: Språklistene (Re: Fellesordlista - g lyph)
Karl Ove Hufthammer <[email protected]> Sat, 14 Jul 2018 12:23:09 +0200
| Newsgroups | gmane.comp.internationalization.norwegian |
|---|---|
| Message-ID | <[email protected]> |
Thomas Gramstad skreiv 13. juni 2018 20:11: >> Det er nok driftsgruppa som er det avgjerande her. Kven som er >> listeadministratorar er (bør iallfall vera) noko me sjølve kan velja. >> Eg er sjølv listadministrator for i18n-no, i18n-nn og i18n-nb i dag, >> og kan godt vera det for den nye lista også. Men listeadministratorar >> modererer berre meldingar og kan endra innstillingane for listene; >> dei styrer ikkje det tekniske. (Me har fleire listeadministratorar >> for i18n-no-lista i dag, men ingen av dei kan gjera noko dersom lista >> sluttar å fungera.) > > Enig, vi må selv kunne velge listeadministratorer. > > Når det gjelder NUUGs driftsgruppe, så er denne tildels overarbeidet > idag, og kan trenge forsterkninger. Hvis NUUG tar en aktiv rolle i å > fremme FriProg-oversetting så kan kanskje flere fra oversettermiljøet > bli NUUG-medlemmer, og kanskje også noen kan forsterke driftsgruppa? > Altså en win-win der NUUG både støtter med å avholde arrangementer og > gi økonomiske bidrag til oversettermiljøet, og at nye NUUG-medlemmer > fra oversettermiljøet kan engasjere seg også i driftsgruppa? For å vera heilt ærleg, synest eg ikkje dette høyrest så forlokkande ut, iallfall slik det er skildra her. «Planen» er altså at omsettarmiljøet skal melda seg inn i NUUG (medlemsavgift 1 365 kronar per person per år) og i tillegg gjerne gå inn og forsterka driftsgruppa? Og dette er altså ei driftsgruppe som er så overarbeida(?) at dei ikkje har fått oppgradert Mailman-installasjonen sidan 2006. Og dette er ein Mailman-installasjon som har fleire kjende sikkerheitshòl (og som er eldre enn den versjonen me alt har for e-postlistene). Om eg har misforstått ting, eller andre har andre synspunkt, er det berre å skrika ut. :) -- Karl Ove Hufthammer _______________________________________________ E-postlista i18n-no [email protected] https://lister.ping.uio.no/mailman/lister.ping.uio.no/listinfo/i18n-no