Re: Reflowable

Karl Ove Hufthammer <[email protected]> Sat, 14 Jul 2018 12:41:42 +0200
Newsgroups gmane.comp.internationalization.norwegian
Message-ID <[email protected]>
Kolbjørn Stuestøl skreiv 18. juni 2018 23:15:
> […]
> Eit anna spørsmål: Dersom lista først skal omarbeidast, kunne ho bli 
> ei fellesordliste for både bokmål og nynorsk?

Slik det er no, er ho ei fellesordlista for både bokmål og nynorsk, men 
er redigert på bokmål. Stort sett er orda dei same på nynorsk, berre med 
ei -ar-ending eller liknande. Men der det faktisk trengst ei anna 
omsetting for nynorsk, kan me skriva dette i parentes.

Men viss me flyttar fellesordlista til ei ny plattform, er eg einig i at 
me kan ha eit eige felt for nynorsk. Men meiner det er best at me berre 
fyller ut dette der nynorskomsettinga er vesentleg forskjellig for 
bokmålsordet (eks. «condition» vert «betingelse» på bokmål men «vilkår» 
på nynorsk). Elles blir det berre mykje ekstraarbeid (ved første 
omsetting *og* ved vedlikehald) til lita nytte.

> Med forklaring tenkte eg helst på bruksområdet dersom det opphavlege 
> ordet blir brukt i fleire samanhengar. Er kanskje ikkje aktuelt i 
> dette tilfellet. "Reflower" av loddetinn er vel lite brukt i denne 
> delen av dataverda? :-)

Ja, det har me gjerne med der det er naturleg. Du finn fleire eksempel 
på dette i fellesordlista. Men oftast er det ikkje nødvendig å ha det 
med, då fellesordlista gjeld dataord (så me treng ikkje skriva at «mus» 
er ein styrereiskap / ei inn-eining for personlege datamaskiner, ikkje 
ein gnagar).

-- 
Karl Ove Hufthammer

_______________________________________________
E-postlista i18n-no
[email protected]
https://lister.ping.uio.no/mailman/lister.ping.uio.no/listinfo/i18n-no