Re: Skal det vere «skjula» eller « gøyma»?

Karl Ove Hufthammer <[email protected]>
Newsgroups gmane.comp.internationalization.nynorsk
Message-ID <[email protected]>
Onsdag 21. juli 2010 skreiv Åsmund Skjæveland:
>> For øvrig minner eg om at me har rimelig godt utbygde kontrollar for å få 
>> fanga opp slike «formfeil» i nynorskomsettingar. Bruk «check-rules» i
>> Pology.  Dette kan òg integrerast med Lokalize, slik at ein får opp berre
>> dei tekstane kontrollane reagerer på. No har me over hundre slike
>> kontrollar, som fangar opp dei alle fleste vanlige feila, og òg nokre
>> uvanlige. Bruk desse kontrollane; det er det dei er der til!
>
>Er dette skrive ned nokon stad? Eg hugsar ikkje alt som kjem på desse
>epostlistene.

Nei. Me hadde planar om å dokumentera det i dei språklige retningslinjene, 
men først ville me omsetta og korrekturlesa det meste av KDE ferdig, og ha 
fleire kontrollar på plass, ideelt éin regel for kvar einaste feil me fann 
under korrekturlesing. Planen var so faktisk å kjøra kontrollane automatisk, 
og senda rapporten om språkfeil/språkmanglar her til e-postlista, kanskje éin 
gong i veka.

No er det ingen som arbeidar aktivt på nynorskomsettinga, so denne framtida er 
naturlig nok ganske langt framme …

Men kontrollane fungerer, og er veldig lette å bruka. Berre skriv for 
eksempel:

posieve --skip-obsolete check-rules -slang:nn kdegames

Byt ut «kdegames» med eit anna mappe- eller filnamn. Strengt tatt er ikkje 
«-slang:nn» nødvendig for KDE-filene, sidan dei alt inneheld informasjon om kva 
språk dei er på, men det er greitt å ha med for andre .po-filer.

Sleng på «--lokalize» på slutten for å visa alle filene med feil i Lokalize. 
Visinga vert automatisk filtrert til berre å visa tekstane med feil, og ein 
forklarande tekst vert vist for kvar feil. Lokalize må alt berre ope for at 
dette skal fungera.

Om nokon manglar noko å gjera, er dette berre å gå gjennom KDE og retta slike 
feil. Det er nok av dei … :-)

Noko av den mest nyttige av kontrollane er kontroll av klammeformer og 
unormerte former. Eg finn meg sjølv rett som det er med å bruka former
eg ikkje visste var dette, for eksempel «veggane», «gylden» og «gyllent».

-- 
Karl Ove Hufthammer
http://huftis.org/
Jabber: [email protected]

_______________________________________________
E-postlista i18n-nn
[email protected]
https://lister.ping.uio.no/mailman/lister.ping.uio.no/listinfo/i18n-nn
lmpx.com only provides a reader for public news (NNTP) servers. It is not affiliated with the servers or forums shown here and is not responsible for the content of articles, which is written by their respective authors.