Re: Wordpress i sumarferien?
Karl Ove Hufthammer <[email protected]>
| Newsgroups | gmane.comp.internationalization.nynorsk |
|---|---|
| Message-ID | <[email protected]> |
[Sender svaret til e-postlista, då eg reknar med det var der svaret ditt var meint òg.] Fredag 13. august 2010 22.09.40 skreiv du: >Ehm. Her gjekk det litt kjapt i svingane, ja. Sidan sist har eg omsett heile >WordPress, og retta nokre få feil sjølv òg. Eg legg ved po-filer for trunk >og 3.0.1 her. Ein liten biverknad av omsetjingsarbeidet dei siste dagane er >at me ligg føre bokmål for 3.1 nett no :-) > >Eg ville vera svært takksam om du kunne flette dei nye omsetjingane inn i >det du jobbar med på SVN, Ikkje noko problem. Det er no gjort. Det vil seia, endringane eg gjorde er flytta inn i den nye fila du sendte (arbeidar berre med 3.0.x førebels, og overfører heller alt til trunk etterpå). >og endå meir takksam om du kunne sende meg >po-filer når du har luka ut nokre feil. Eg skal gje beskjed, so kan du henta dei direkte frå SVN. >Ein liten regel eg har prøvd å leggje meg på i omsetjingane mine: Eg bruker >a-infinitiv, og e-ending i imperativar/kommandoar (av typen "for å lagra >klikkar du "Lagre"-knappen"). Eg er ikkje religiøst oppteken av at det skal >vera slik, men det har ein viss logikk. Hm, eg synest det hørest litt merkelig/inkonsekvent å ha forskjellig ending i infinitiv og imperativ. I dei andre omsettingane våre har me alltid bruk a- endingar alle plassar. Sjekka nett med Språkrådets bok «Godt språk i lærebøker», og dei skriv: I nynorsk gjeld det ein generell regel om at linne verb av a-klassen kan ha ei imperativform som fell saman med infinitiv: smuldre deigen med det same (eller smuldra ved a-infinitiv), attåt smuldr deigen … Rett opp vakling ved det same ordet og rå til utjamning for heile gruppa. So er det greitt at eg endrar alt til a-endingar? >Viss du har veldig lyst til å gjera noko med det, er det berre å gå i gang. >Sidan det er mange omsetjarar som har vore i sving her, er det nesten nøydd >til å vera inkonsekvens elles òg. Ja, eg ser òg terminologien varierer litt mellom tekstane. Eg har tenkt å gå gjennom alle tekstane, so til slutt skal alt verta konsekvent og fint. :-) Men eg reknar ikkje med å bruka veldig intensivt på dette, so det kan ta litt tid. -- Karl Ove Hufthammer http://huftis.org/ Jabber: [email protected] _______________________________________________ E-postlista i18n-nn [email protected] https://lister.ping.uio.no/mailman/lister.ping.uio.no/listinfo/i18n-nn