Tankar om rørsla og omsetjingar (va r: openSUSE på nynorsk + automatisk omsetting)
Eivind <[email protected]>
| Newsgroups | gmane.comp.internationalization.nynorsk |
|---|---|
| Message-ID | <[email protected]> |
Særs godt initiativ, Karl Ove. Fint at du held koken! Det der med Apertium var heilt nytt for meg, det kjende eg beint ut ikkje til. Det seier vel sitt om at nokre omsetjarar (eller kanskje berre eg) sit på kvar si meir eller mindre opplyste tuve. På tuva mi går det mykje i WordPress- og Ardour-omsetjingar, so langt utan verkty som det du tipsa om - takk! Eg er vel trådtjuv no, men eg går over på noko litt anna likevel: eg skulle ynskje at det var meir enn berre oss på lista + nokre til som omsette, at det var meir ein omsetjar-skog i staden for omsetjar-tuvor. Eg hadde vona at den "eigentlege" målrørsla var mykje meir ivrig til å vera med å omsetja, at rørsla rett og slett greip dei store mogleikane som ligg i open kjelde og teknologi elles. Ikkje minst burde meir enn berre reine dataprogram vore omsette. Det undrar meg framleis litt at ikkje målrørsla har brukt apparatet sitt på til dømes dette: - iOS - Android - All mogleg fastvare i forbrukarelektronikk, - og ikkje minst: vanlege mobilar. Det må vera husmannsånd som gjer at det framleis ikkje finst nynorske mobilar. Direkte rart, er det. Sjølv har eg telefonen min på islandsk inntil vidare. Eg kan gjerne prøve å gjera noko nyttig ved å skrive eit lesarinnlegg eller to om dette, til innvertes bruk i rørsla. Kom gjerne med innspel om anna som burde vore omsett, samt i det heile tankar om temaet. Og orsak til Karl Ove for trådtjuveriet. Det var dette med tuvone som sende meg ut på galeien. Beste helsing Eivind Ødegård ________________________________ Fra: Karl Ove Hufthammer <[email protected]> Til: [email protected] Sendt: Lørdag, 28. mai 2011 20.43 Emne: [i18n-nn] openSUSE på nynorsk + automatisk omsetting Til orientering har eg starta på omsetting av openSUSE til nynorsk. Brukar automatisk omsetting frå bokmål til nynorsk via Apertium, noko som sparar mykje tid og arbeid. Dette kan sjølvsagt ogso brukast for andre dataprogram der bokmålsomsettinga er veldig komplett og god. -- Karl Ove Hufthammer http://huftis.org/ Jabber: [email protected] _______________________________________________ E-postlista i18n-nn [email protected] https://lister.ping.uio.no/mailman/lister.ping.uio.no/listinfo/i18n-nn _______________________________________________ E-postlista i18n-nn [email protected] https://lister.ping.uio.no/mailman/lister.ping.uio.no/listinfo/i18n-nn