Re: Tankar om rørsla og omsetjingar (var : openSUSE på nynorsk + automatisk omsetting)

Karl Ove Hufthammer <[email protected]>
Newsgroups gmane.comp.internationalization.nynorsk
Message-ID <[email protected]>
Laurdag 28. mai 2011 skreiv Eivind:

>Eg kan gjerne prøve å gjera noko nyttig ved å skrive eit lesarinnlegg eller
>to om dette, til innvertes bruk i rørsla. Kom gjerne med innspel om anna
>som burde vore omsett, samt i det heile tankar om temaet.

Veldig fint om du skriv lesarbrev. Me treng veldig nye omsetjarar, men òg 
korrekturlesarar. Strenge norsklærarar med (virtuell) raudblyant er like 
nyttige som språkmedvetne datanerdar.

Og heile omsettingsrørsla burde sjølvsagt bore meir preg av ei samling folk 
enn av atskilde tuer. i18n-*-listene er meint å vera *samlingsplassen* for 
omsettarar av fri programvare, men det er nok framleis folk som ikkje er klar 
over dette.

Og ja, me burde sjølvsagt ha ei flott nettside med presentasjon av prosjektet, 
enkeltprogram, retningslinjer osv., ein god infrastruktur med statistikk, 
prosessar for kvalitetssikring, osv. Men når me manglar resursar (les: folk!) 
til å laga og vedlikehalda dette, må me halda fram som me gjer – litt 
haltande.

-- 
Karl Ove Hufthammer
http://huftis.org/
Jabber: [email protected]

_______________________________________________
E-postlista i18n-nn
[email protected]
https://lister.ping.uio.no/mailman/lister.ping.uio.no/listinfo/i18n-nn
lmpx.com only provides a reader for public news (NNTP) servers. It is not affiliated with the servers or forums shown here and is not responsible for the content of articles, which is written by their respective authors.