Endringar i dei språklige retningslinj ene etter den nye nynorsknormalen

Karl Ove Hufthammer <[email protected]>
Newsgroups gmane.comp.internationalization.nynorsk
Message-ID <[email protected]>
For nokre dagar sidan kom det ein ny nynorsknormal:

http://www.sprakradet.no/nb-NO/Toppmeny/Aktuelt/nynorsknorm/

Dette medfører at me bør oppdatera dei språklige retningslinjene våre:

http://i18n.skulelinux.no/retningslinjer.html

Om endringa i normalen: Skiljet mellom læreboknormalen og den fulle
nynorsknormalen er oppheva. Dette medfører at det ikkje er noko som
heiter klammeformer lenger, og at me i prinsippet har mange fleire
former å velja mellom (nokre former har òg gått ut, men det ser ut til å
ikkje vera former me har brukt). Likevel bør vera konsekvente både i og
på tvers av program, så me bør bli einige om kva former me skal bruka.

Eg har tatt ein kjapt kikk på brosjyra om den nye rettskrivinga
http://www.sprakradet.no/upload/Brosjyrer/Ny%20nynorskrettskriving.pdf
og her er mine kommentarar:

Eg anbefaler at me *i regelen* brukar dei gamle læreboknormalformene når
me har valet mellom to/fleire former. Me kan godt ha unntak, men dei bør
dokumenterast i dei språklige retningslinjene, og det bør leggjast til
reglar som fangar dei opp i språkvaskskriptet vårt. Elles:

Enkel/dobbel konsonant: Når me kan velja, vel me dobbel konsonant.

Valfri j: Me brukar konsekvent j (eks. «rekkje», «å setja»).

Fleirtalsformer hankjønn og hokjønn: Endelig har det blitt lov å vera
konsekvent her. Eg foreslår at me har regelen -ar for hankjønnsord og
-er for hokjønnsord. Denne regelen er veldig lett å hugsa, og ein slepp
å pugga unntak (norrøne former). Før måtte me altså bøya «ein vegg» som
«vegger» og «veggene» og «ei elv» som «elvar» og «elvane». No vert det
«veggar» og «elver». (Strengt tatt kunne ein skriva «elver» før òg, men
det var då eit hankjønnsord (!) som betydde «alv» (det overnaturlige
vesenet), ikkje ein vasstraum.)

-nad-ord: Før hadde -nad-ord -er-endingar, eks. «søknader». Eg foreslår
at me er konsekvent her òg, og brukar -ar-ending. Éin mindre
unntaksregel å tenka på! 

-skap-ord: Desse får no valfritt kjønn (han- eller inkje-). Eksempel er
«medlemskap» og «meisterskap». Før hadde dei berre hankjønn
(«medlemskapen» og «meisterskapen»). Er usikker på kva me skal gjera
her. Sjølv vil eg føretrekkja inkjekjønnsforma. Dette er òg i samsvar
med forma me har brukt på «fellesskap». («fellesskap» kunne vera både
hankjønn og inkjekjønn, men me valde inkjekjønnsforma.)

-de/-te i verb. Ved valfridom valde me -de-ending (eks. «overstyrde»
ikkje «overstyrte»), men med nokre opplista unntak («fått», «slått»,
«gått» …). No viser det seg at at me «valde rett», for formene «fådd»,
«slådd», «gådd» og nokre til er faktisk tatt ut av normalen! :)

Ordet «eige». Før vart dette bøygd «eige – eig – ått – åtte». No er det
lova å skriva «eigde» og «eigd». Eg foreslår at me gjer det.

Samsvarsbøying: Ein *kan* no bruka forenkla samsvarsbøying. Før: «han/ho
er gløymd – det er gløymt – dei er gløymde». No: «han/ho/det/dei er
gløymt». Eg foreslår at me held på full samsvarsbøying.

Men det er klart at forenkla samsvarsbøying er *svært* mykje enklare.
Det gjer det òg lettare med upresise originaltekstar. Eksempel: Viss ein
finn teksten «Read» på engelsk, må ein veta om det er eit verb eller eit
adjektiv. Viss det er eit adjektiv, må ein veta kva objekt det står til.
Viss det er ein e-post, vert det «Lesen», er det eit dokument, vert det
«Lese», er det *fleire* e-postar eller dokument, vert det «Lesne». Med
forenkla samsvarsbøying vil det bli «Lese» i alle tilfella.

For oversikt over full samsvarsbøying:
http://web.archive.org/web/20021220062543/http://www.sprakrad.no/stat974.htm#samsvar

Men merk at forenkla samsvarsbøying berre vil kunna brukast for *svake*
verb; for sterke verb (eller, meir presist, sterke perfektum partisipp)
må me framleis ha full samsvarsbøying. Dette gjer at ei eventuell
forenkling ikkje vert like forenklande. :/

Blanda bøying: Dette står ikkje i brosyjra, men i detaljdokumentet:
https://www.sprakradet.no/nb-NO/Toppmeny/Aktuelt/nynorsknorm/Innstilling/
Me får no (endelig!) lov å bruka «blanda bøying». Dette medfører at me
kan skriva «brukar» (presens) men «brukte» (preteritum/adjektiv) og
«brukt» (perfektum/adjektiv). Til har me brukt «brukt(e)» i
KDE-omsettingane men med eit skript som automatisk rettar det til
«bruka» før det vert sendt inn til KDE, i påvente av denne endringa. I
tillegg har me valt -er-forma av verbet «å klara» («klarer» – «klarte» –
«har klart»), sjølv om me i regelen brukar -ar-former, sidan uttrykk som
«Klara ikkje [utføra handling]» lett ville blitt så rare elles. No som
me kan bruka blanda bøying foreslår eg at me går over til å konsekvent
-ar-forma, men med blanda bøying for verba «bruka», «klara» og
«spela» (andre?).

Kommentarar/synspunkt på noko av det? (Kommentarar både frå aktive
omsettarar og andre er velkomne.)

Eg kan oppdatera dei språklige retningslinjene og språkvaskskriptet når
me har fått diskutert dette.

-- 
Karl Ove Hufthammer
http://huftis.org/
Jabber: [email protected]


_______________________________________________
E-postlista i18n-nn
[email protected]
https://lister.ping.uio.no/mailman/lister.ping.uio.no/listinfo/i18n-nn
lmpx.com only provides a reader for public news (NNTP) servers. It is not affiliated with the servers or forums shown here and is not responsible for the content of articles, which is written by their respective authors.