Re: Endringar i dei språklige retningslin jene etter den nye nynorsknormalen

Karl Ove Hufthammer <[email protected]>
Newsgroups gmane.comp.internationalization.nynorsk
Message-ID <[email protected]>
su. den 05. 08. 2012 klokka 14.54 (+0100) skreiv Eivind:
> Fyrst språkleg: Eg er samd i dei aller fleste vurderingane til Karl
> Ove, og stiller meg bak alle framlegga så nær som eitt. Eg stiller
> spørsmål ved dette:
> 
> > Enkel/dobbel konsonant: Når me kan velja, vel me dobbel konsonant.
> > 
> > Valfri j: Me brukar konsekvent j (eks. «rekkje», «å setja»).
> 
> Etter mitt syn er dette lite konsekvent. Kvifor skal me ha dobbel
> konsonant i ord som komma (altså verbet), kjøkken, kjøtt, skjønna,
> venn osfr., samstundes som me skriv rekkje, setja, liggja, slyngja,
> ringja, tenkja? Eg tenkjer her på at dobbel konsonant vanlegvis blir
> rekna som meir liberalt/bokmålsnært, medan valfri j er å rekne som
> meir konservativt/tradisjonelt.

Tja, det kan vera. Opphavlig var det delvis fordi det vart noko 
lettare å vera konsekvent. I læreboknormalen måtte me nemlig skriva 
«å tømma» («å tøma» var sideform), og då passa det fint med for eksempel
«å komma». Uansett er det svært få verb dette i praksis gjeld i våre
omsettingar; eg kan berre komma på «komma» (og «velkommen»/«velkomen»).

I den nye normalen er «tøma» gått ut. Det same gjeld «røma» og «utdana»
og ein del andre andre ord.

Personlig føretrekkjer eg dobbel konsonant i verba og enkelt konsonant i
mange av substantiva (kjøken, kjøt og resurs – men helst hammar og
dommar).

Obligatorisk bruka av j er delvis på grunn av at det var det einaste som
var lovlig før (setje, byggje), og det er greitt å ikkje måtta endra i
alle omsettingane … (Personlig brukar eg ikkje j når eg skriv andre
tekstar.)

Når det gjeld konservativ/liberal stil, synest eg omsettingane våre held
seg godt på den gyldne middelveg. Me unngår både dei meste gammalmodige
orda og formene og dei mest radikale og bokmålsnære.

> Alle språklege retningslinjer inneber kompromiss. Eg for min del har
> mest lyst til å bøye "å eige" på tradisjonell måte, men ser at den nye
> bøyinga gjev meir konsekvens, og er dermed samd i framlegget til Karl
> Ove.

Den gamle bøyinga av «å eige» fører gjerne til forvirrande omsettingar.
Me har fleire tilfelle der spesielt adjektivformer som står åleine fører
til rare omsettingar. Dette er problem som berre gjeld tekst i
dataprogram, då orda elles alltid står saman med andre ord i ei
*setning*, som gjer tydinga klar. Spesielt for ordet «å eiga»: Ein kan
for eksempel risikera å møta på ein tekst (merkelapp/overskrift) som
seier

  Åtte filer

Då vil det vera *svært* naturlig å feiltolka «åtte» som talordet (8).

Personlig synest eg òg «åtte» her hørest svært gammalmodig ut.


> > Eg kan oppdatera dei språklige retningslinjene og språkvaskskriptet
> > når me har fått diskutert dette.
> 
> Eg finn lite informasjon om bruk av språkvaskskriptet, eller generelt
> tekniske hjelpemiddel for dei som skal omsetja. Går det an å be røynde
> omsetjarar skrive litt på td. i18n.skulelinux.no om korleis me reint
> teknisk går fram for å omsetja fort, godt og rett?

Dette er utelukkande på grunn av resursmangel. Eg er heilt einig i at me
treng dette, men me har dessverre ingen til å skriva det. Derfor viser
me førebels heller folk til i18n-n*-listene, der dei får all hjelp dei
treng for å komma i gang.

Planen for språkvaskskriptet var for øvrig å utvikla dette vidare
samtidig som me korrekturleste (og omsette) heile KDE, for seinare å
dokumentera bruken i dei språklige retningslinjene. Dessverre ser det ut
til at den eine andre aktive omsettaren me hadde av KDE til nynorsk har
falle frå, så me har ikkje fått gjort dette.

Som omsettar får ein sjeldan bruk for noko i Pology utanom
språkvaskskriptet, men det finst iallfall ein usedvanlig grundig og god
manual på http://pology.nedohodnik.net/doc/user/en_US/

For å kjøra språkvaskskriptet, treng ein berre kjøra posieve som ein
finn i kde4/summit/pology/bin/posieve i vårt SVN-lager. Sjølv har eg
definert eit alias som er omtrent slik:

alias sjekk='posieve --skip-obsolete check-rules -slang:nn -slokalize'

Då treng berre berre skriva

  sjekk fil.po

For å språkvask fila «fil.po» (du kan òg oppgje eit mappenamn for å
sjekka alle filer i mappa og eventuelle undermapper). Viss eg har opna
Lokalize, vert fila/filene automatisk opna der, og det vert kjørt eit
filter som berre viser tekstane som skriptet meiner har feil i seg. Då
er det svært kjapt å retta opp.

> Viss eg i dette har vist at eg er heilt utanfor, og at det finst
> rikeleg med oppdatert og norskspråkleg dokumentasjon eg ikkje har
> funne, ville eg vera takksam for opplysingar.

Axel Bojer skreiv eit lite dokument for nokre månader sidan:
https://docs.google.com/document/d/1PKdrjYrzFA4oKgZ33SwDOvWU1LRliwieGzL4YYn_AwU/edit?pli=1

Eg kjenner ikkje til noko anna (men Lokalize har jo òg ei brukarhandbok
som forklarer korleis programmet fungerer).

-- 
Karl Ove Hufthammer
http://huftis.org/
Jabber: [email protected]


_______________________________________________
E-postlista i18n-nn
[email protected]
https://lister.ping.uio.no/mailman/lister.ping.uio.no/listinfo/i18n-nn
lmpx.com only provides a reader for public news (NNTP) servers. It is not affiliated with the servers or forums shown here and is not responsible for the content of articles, which is written by their respective authors.