Re: Oppdatert klammeforms- og e-infinitivsliste for nynorsk
Karl Ove Hufthammer <[email protected]>
| Newsgroups | gmane.comp.internationalization.nynorsk |
|---|---|
| Message-ID | <[email protected]> |
la. den 04. 08. 2012 klokka 23.15 (+0200) skreiv Karl Ove Hufthammer: > Til orientering har eg no oppdatert klammeforms- og e-infinitivslistene > i Pology med dei siste endringane i Norsk ordbank, frå 2012-02-29. Og i dag kom nye fullformsordlister, som skal vera i tråd med den nye nynorskrettskrivinga. Det ser ut til at orda og formene som har gått ut av rettskrivinga no er merkte som «unormert» i ordlistene, noko som er *veldig* fint for oss, sidan me kan kjøra automatiske sjekkar for å luka dei ut i omsettingane. Og i tillegg til før lovlege former har det komme inn heilt *nye* former merkte som «unormert». Dette gjeld ein haug -ing-ord, for eksempel «dronninger» og «åtvaringene». Veldig nyttig for oss dette òg. Eg har oppdatert klammeforms- og e-infinitivslistene i Pology. Fullstendig oversikt over endringane finn de på: http://websvn.kde.org/?view=revision&revision=1312606 -- Karl Ove Hufthammer http://huftis.org/ Jabber: [email protected] _______________________________________________ E-postlista i18n-nn [email protected] https://lister.ping.uio.no/mailman/lister.ping.uio.no/listinfo/i18n-nn