Re: Endringar i dei språklige retningslin jene etter den nye nynorsknormalen

Karl Ove Hufthammer <[email protected]>
Newsgroups gmane.comp.internationalization.nynorsk
Message-ID <[email protected]>
su. den 05. 08. 2012 klokka 12.56 (+0200) skreiv Karl Ove Hufthammer:
> Fleirtalsformer hankjønn og hokjønn: Endelig har det blitt lov å vera
> konsekvent her. Eg foreslår at me har regelen -ar for hankjønnsord og
> -er for hokjønnsord. Denne regelen er veldig lett å hugsa, og ein slepp
> å pugga unntak (norrøne former). Før måtte me altså bøya «ein vegg» som
> «vegger» og «veggene» og «ei elv» som «elvar» og «elvane». No vert det
> «veggar» og «elver». (Strengt tatt kunne ein skriva «elver» før òg, men
> det var då eit hankjønnsord (!) som betydde «alv» (det overnaturlige
> vesenet), ikkje ein vasstraum.)
> 
> -nad-ord: Før hadde -nad-ord -er-endingar, eks. «søknader». Eg foreslår
> at me er konsekvent her òg, og brukar -ar-ending. Éin mindre
> unntaksregel å tenka på!

Eg har no lagt til reglar for dette i Pology, basert på dei nyaste
fullformsordlistene. For hankjønnsord der både -er/-ene og -ar/-ane 
er lovleg, vert -er-/-ene-formene flagga, og motsett for hokjønnsord.
Prøv det ut, og sjå om det fungerer greitt.

Innsendinga som la til funksjonen og dei to ordlistefilene finn de her:
http://websvn.kde.org/?view=revision&revision=1312707

-- 
Karl Ove Hufthammer
http://huftis.org/
Jabber: [email protected]


_______________________________________________
E-postlista i18n-nn
[email protected]
https://lister.ping.uio.no/mailman/lister.ping.uio.no/listinfo/i18n-nn
lmpx.com only provides a reader for public news (NNTP) servers. It is not affiliated with the servers or forums shown here and is not responsible for the content of articles, which is written by their respective authors.