Ubuntu og omsettingane deira
Torstein Adolf Winterseth <[email protected]>
| Newsgroups | gmane.comp.internationalization.nynorsk |
|---|---|
| Message-ID | <[email protected]> |
Hei Etter å ha slite med Fedora så installerte eg Ubuntu for å prøve noko nytt, og eg innser no korleis Ubuntu sine omsettingar ikkje følgjer retningslinjene i det heile. Verkar som om omsettarane ikkje har lese dei. Uansett. Eg rapporterte det til Launchpad her https://bugs.launchpad.net/ubuntu-translations/+bug/600514 . Får håpe noko blir gjort med det, for eg stirrar no på ein nynorskstreng med «forbereder» og «detaljer» i seg. Er det riktig at omsettingar må følgje språkrådet for å kunne bli brukt i læringssamanheng? Blei usikker. -- Mvh / Kind regards Torstein Adolf Winterseth _______________________________________________ E-postlista i18n-nn [email protected] https://lister.ping.uio.no/mailman/lister.ping.uio.no/listinfo/i18n-nn