Vedr: Ubuntu og omsettingane deira

Eivind <[email protected]>
Newsgroups gmane.comp.internationalization.nynorsk
Message-ID <[email protected]>

-----
Etter å ha slite med Fedora så installerte eg Ubuntu for å prøve noko
nytt, og eg innser no korleis Ubuntu sine omsettingar ikkje følgjer
retningslinjene i det heile. Verkar som om omsettarane ikkje har lese
dei.
-----

Eg trur du har rett. Dette er ein konsekvens av Launchpad, etter mitt syn. Truleg kombinert med aktiv bruk av auto-omsetjing utan vidare sjekking etterpå - type "fort og gale". Omsetjingane på Launchpad held ikkje alltid så god standard, men eg veit ingen god veg ut av uføret anna enn at me som kan rette opp feil, bør ta oss tid til å gjera det.

-----

Uansett. Eg rapporterte det til Launchpad her
https://bugs.launchpad.net/ubuntu-translations/+bug/600514 . Får håpe
noko blir gjort med det, for eg stirrar no på ein nynorskstreng med
«forbereder» og «detaljer» i seg.
-----
Tja. Om nokon skal gjera noko med det, må det bli me som driv med omsetjing. Eg har ikkje vore inne på Launchpad på lenge, og driv andre omsetjingar.


-----

Er det riktig at omsettingar må følgje språkrådet for å kunne bli
brukt i læringssamanheng? Blei usikker.
-----

Me prøver å fylgje den rettskrivinga som gjeld no. Det var litt ordskifte omkring det for ikkje lenge sidan her på epostlista (sjå arkivet), og me har nokre sider med retningsliner på i18n.skulelinux.no, men dei treng nok til litt rydding - jfr. eposten frå Axel Bojer no nyst. 

Når det gjeld om omsetjingar må fylgje rettskrivinga, meiner eg i alle fall det finst lovverk om at programvare skal liggje føre på båe språk - det var unntak i mange år, men det skal vera borte no. Og når program skal liggje føre på bokmål og nynorsk, får me gå ut frå at det tyder _korrekt_ bokmål og nynorsk.

Beste helsing

Eivind Ødegård


_______________________________________________
E-postlista i18n-nn
[email protected]
https://lister.ping.uio.no/mailman/lister.ping.uio.no/listinfo/i18n-nn
lmpx.com only provides a reader for public news (NNTP) servers. It is not affiliated with the servers or forums shown here and is not responsible for the content of articles, which is written by their respective authors.