Pology - Installering

Kolbjørn Stuestøl <[email protected]>
Newsgroups gmane.comp.internationalization.nynorsk
Message-ID <[email protected]>
Installerte først Python for Windows. Fann ingen køyrbare utgåver av 
Pology for Python uansett system.  Installerte difor via Cygwin frå 
pology-0.11.tar.bz2. Følgde rettleiinga i README:

    cd pology-kjelde
    mkdir build && cd build
    cmake ..
    make && make install

Alt fint så langt. Fekk som venta ei mappe med namnet pology/build der 
eg reknar med at alt eg treng ligg. Men så stoppa det for meg.
Kva gjer eg nå for å få Pology til å køyre og i neste omgang å få inn 
nn? (Mappa build/pology/lang/nn er i systemet).
(Cygwin opererer nokså likt Linux når eg får lagt inn dei rette pakkane).

Av ein eller annan grunn kom denne meldinga ikkje gjennom i går. Prøver 
igjen i dag.
Helsing
Kolbjørn


_______________________________________________
E-postlista i18n-nn
[email protected]
https://lister.ping.uio.no/mailman/lister.ping.uio.no/listinfo/i18n-nn
lmpx.com only provides a reader for public news (NNTP) servers. It is not affiliated with the servers or forums shown here and is not responsible for the content of articles, which is written by their respective authors.