Re: Vedr: Viss - dersom LibreOffice 4.2
Kolbjørn Stuestøl <[email protected]>
| Newsgroups | gmane.comp.internationalization.nynorsk |
|---|---|
| Message-ID | <[email protected]> |
Den 03.12.2013 10:12, skreiv Eivind: > Framifrå. Eg fylgjer heilt sikkert ikkje godt nok med, men det var nytt for meg at meg at du hadde Libreoffice-omsetjingane. Eg vil ikkje anna enn å sende nokre venlege ord og takk for jobben herifrå. Eg har ingen synspunkt på ordendringa i formlar, men synest i alle fall det er bra at du tek ein gjennomgang på resten av språket. Flott! > > Helsing > > Eivind Ødegård > (omsetjar for WordPress, Ardour og litt anna) Takker for hyggeleg tilbakemelding. Nei, det er ikkje så enkelt å følgja med alle som deltar. Er nå ferdig med UI for LibreOffice nn. Dvs. alt som eg er nokolunde sikker på. Det er jo ikkje alltid like greit å vite kva "Index" og liknande står for i alle samanhengar. Må vente til neste oppdatering. Skal sjå på dei nye formlane, men den diskusjonen tar eg i i18n-no. Helsing Kolbjørn > > > > > Den Mandag, 2. desember 2013 14.45 skrev Kolbjørn Stuestøl <[email protected]>: > > Ut frå tidlegare diskusjonar har eg endra alle "DERSOM" i formlar til > "VISS" i betautgåva av LibreOffice 4.2. Endringane blir ikkje synlege > før neste utgåve (trur eg), dersom du ikkje byggjer programmet sjølv. > Sjølvsagt er det ikkje noe problem å endra VISS tilbake til DERSOM > dersom dette er ønskjeleg. (Ja, til vanleg brukar eg sjølv "dersom" når > eg skriv). > > Hoppet frå versjon 4.1 til 4.2 er såpass stort at eg reknar dette for ei > høveleg tid for å endra ordvalet. Sidan det er nokså mykje nytt i denne > versjonen, har eg nytta høvet til å tilpassa språket til > rettskrivingsnormalen og rettningslinjene og såleis gjera språket meir > konsekvent. (Finn t.d. blandingar av både legge, legga, leggje og > leggja; lagra, lagre; bare, berre; bli, vert osv. i tekstane). Men mykje > står igjen. Trass alt inneheld den engelske versjonen ca. 96 000 ord som > skal omsetjast og/eller gjennomgåast. ("Bare" 4 630 ord som ikkje er > omsette akkurat nå). > > I versjon 4.2 er det også innført ein del nye formlar, men omsetjinga av > desse, både nb og nn, får eg heller koma tilbake til. Kan ikkje spreia > meg på for mange ting. Andre som kan sjå på dette? > Helsing > Kolbjørn Stuestøl > > > _______________________________________________ > E-postlista i18n-nn > [email protected] > https://lister.ping.uio.no/mailman/lister.ping.uio.no/listinfo/i18n-nn > _______________________________________________ > E-postlista i18n-nn > [email protected] > https://lister.ping.uio.no/mailman/lister.ping.uio.no/listinfo/i18n-nn > > -- Kolbjørn Stuestøl, Stuestøl, 4580 Lyngdal Telefon: (47) 38 34 78 62, (47) 917 81 125 Stuestøl heimesider: http://www.stuestoel.no Sjå også Lyngdal hagelag: http://www.stuestoel.no/hagelag/hagelag.php Mandal og Lister pyntegrøntlag: http://www.mlpynt.no GIMP på norsk: http://www.gimp.no _______________________________________________ E-postlista i18n-nn [email protected] https://lister.ping.uio.no/mailman/lister.ping.uio.no/listinfo/i18n-nn