Re: Nye omsettarar for KDE på nynorsk?
Kolbjørn Stuestøl <[email protected]>
| Newsgroups | gmane.comp.internationalization.nynorsk |
|---|---|
| Message-ID | <[email protected]> |
Godt innspel og fint oversyn. Diverre har eg meir enn nok med GIMP og LibreOffice (som ikkje høyrer til dei aktuelle prosjekta i denne samanhengen), så det er lite eg kan bidra med i tillegg. Har av og til kikka innom po-filene frå Translation Project Robot, og ser at det meste er nokså overkomeleg. Krev bare litt tid. Eg arbeider i Windows, og kan skriva under på at det går stort sett greitt. (GIMP bruker eit anna system, og er avhengig av Linux. Også dette kan likevel ordnast i Windows). Så vil du gjera ein innsats, er det bare å ta fatt. Gi deg sjølv det vesle puffet som skal til for å senda ei melding til dette forumet. I tillegg er slikt arbeid svært lærerikt, men det er ein bonus. Lukke til Helsing Kolbjørn Stuestøl Den 31.07.2014 22:52, skreiv Karl Ove Hufthammer: > Hei! > > Som de kanskje har fått med dokker, står det ikkje så bra til med KDE på > nynorsk. Av totalt over 83 tusen tekstar i siste versjon var berre 57 % > omsett til nynorsk: > > http://l10n.kde.org/stats/gui/stable-kde4/team/nn/ > > Me har hatt ulike omsettarar innom gjennom åra (her vist som talet på > omsettingsfiler kvar person har redigert) > > 1999 2000 2001 2002 2003 2004 2005 2006 2007 2008 2009 2010 2011 2012 2013 2014 > Roy-Magne Mo – – 1 – – – – – – – – – – – – – > Bjarne Hugo Hansen – – – 2 – – – – – – – – – – – – > Jakob Breivik Grimstveit – – – – 1 – – – – – – – – – – – > Lars Risan – – – – – 1 – – – – – – – – – – > Tor Hveem – – – – – 5 – – – – – – – – – – > Vigdis Karin Lien – – – – – 1 – – – – – – – – – – > Knut Nordanger – – – 1 – – 7 – – – – – – – – – > Axel Bojer – – – – – 7 4 – – – – – – – – – > Cecilie Wian – – – – – – 1 – – – – – – – – – > Eivind Magnus Hvidevold – – – – – – 1 – – – – – – – – – > Jørgen Grønlund – – – – – – 1 – – – – – – – – – > Gaute Hvoslef Kvalnes 80 105 34 273 167 303 242 25 – – – – – – – – > Bjørn Steensrud – – – – – – – – 1 – – – – – – – > Sven Harald Klein Bakke – – – – – – 1 – – 1 – – – – – – > Håvard Korsvoll – – – – 39 44 32 4 29 11 6 – – – – – > Sveinung Kvilhaugsvik – – – – – – – – – – 4 – – – – – > Eirik U. Birkeland – – – – – – – – – 449 382 210 66 – – – > Kjetil Kilhavn – – – – – – – – – – – – – 2 – – > Karl Ove Hufthammer – – – 19 1 165 104 19 546 765 399 348 150 47 70 5 > > men no er det i praksis ingen att. Eg kjem framleis med > nokre sporadiske rettingar og omsettingar, men har ikkje > kapasitet til å arbeida mykje med dette. > > Me treng altså nye omsettarar og korrekturlesarar. Er det nokon her på > lista som 1) føler seg kalla, 2) kjenner nokon som kjenner nokon > aktuelle, eller 3) har tips til kor me kan få tak i nynorskinteresserte > datafolk (eller datainteresserte nynorskfolk)? > > Ein treng ikkje særlege tekniske forkunnskapar. Generelt kan ein seia at > det er viktigare med god språkkjensle enn inngåande datakunnskap. Ein > vel sjølvsagt sjølv kva program ein vil arbeida med å omsetta og/eller > korrekturlesa, så ein kan halda seg til dei mindre tekniske. > > Det er ein (stor) fordel om ein sjølv brukar Linux og KDE, men det er > ikkje noko krav, spesielt ikkje om ein berre ønskjer å jobba med > korrekturlesing. > > Sjølv om eg ikkje har kapasitet til å arbeida så mykje direkte med > omsetting framover, kan eg gjerne bidra med opplæring/ > mentoring av nye omsettarar. > > Hørest dette interessant ut, svar her til lista eller direkte til meg. > Send gjerne e-posten vidare til andre dokker trur kan vera interesserte. > > Her finn de for øvrig skjermbilde av korleis KDE ser (såg) ut på > nynorsk: http://l10n.kde.org/team-infos.php?teamcode=nn > _______________________________________________ E-postlista i18n-nn [email protected] https://lister.ping.uio.no/mailman/lister.ping.uio.no/listinfo/i18n-nn