Connector - sambandslinje

Kolbjørn Stuestøl <[email protected]>
Newsgroups gmane.comp.internationalization.nynorsk
Message-ID <[email protected]>
Veit ikkje om det er liv i dette forumet, men eg prøver.
I  LibreOffice Impress (program for mellom anna å lage lysbilete, 
presentasjonar) kan ein setje inn såkalla "connectors", dvs. linjer som 
går frå eit festepunkt på eitt objekt til eit festepunkt ("gluepoint") 
på eit anna objekt. Objekt kan vere t.d. ei teikning eller ein figur. Om 
du flytter ein av figurane, blir også sambandslinja flytt. Dette i 
motsetnad til vanlege linjer, som ikkje følgjer med i flyttinga.
(Du kan få dei fram ved å setje inn to objekt i eit lysbilete i Impress, 
trykke på den vesle trekanten etter knappen 
sambandslinjer/forbindelseslinjer i menylinja).

 1. I nynorskutgåva av LibreOffice er "connector" omsett med
    «sambandslinje», på bokmål med «forbindelseslinje», svensk:
    «linjeförbindelse», dansk: «linjeforbindelse», tysk:
    «Linien-Verbinder». (Det er desse språka eg har oppe til
    samanlikning når eg omset LibreOffice til nynorsk). (Dette er den
    øvste linja i menyvalet)
 2. I tillegg bruker den engelske originalen også "line connector", som
    er omsett med: nynorsk: «sambandslinje», bokmål: «linjeforbindelse»,
    svensk: «linjeförbindelse», dansk: «linjeforbindelse», tysk:
    «Linien-Verbinder». (Dette er den andre linja i menyvalet).

Connector-typane gjer stort sett det same: lagar linjer mellom objekta. 
"Connector" koplar saman festepunkta med vassrette og loddrette linjer, 
medan "line connectors" også kan ha skrålinjer. I tillegg finst det også 
«rette sambandslinjer» ("stright connectors") (bare rette linjer) og 
«bøygde sambandslinjer» ("curved connectors") (bare kurva linjer) å 
velje mellom.

I praksis er det vel eigentleg ikkje nødvendig å skilje desse to typane, 
men det kan vere litt forvirrande å finne dobbelt opp av 
«sambandslinjer» i menyen. Elles er eg usikker på om «sambandslinje» er 
det rette ordet her. Det skjer ikkje noe samband mellom objekta gjennom 
linjene. Objekta blir knytt eller kopla  til kvarandre, så kanskje 
«koplingslinjer» eller «tilknytingslinjer» eller noe heilt anna ville 
vere betre. I type 2 kunne ein då for eksempel bruke 
«linjekoplingslinje» eller tilsvarande.
Håper noen har noe å føreslå her. Vil jo gjerne gjere desse 
gratisprogramma så perfekte som råd er, også språkleg.

Helsing
Kolbjørn Stuestøl





_______________________________________________
E-postlista i18n-nn
[email protected]
https://lister.ping.uio.no/mailman/lister.ping.uio.no/listinfo/i18n-nn
lmpx.com only provides a reader for public news (NNTP) servers. It is not affiliated with the servers or forums shown here and is not responsible for the content of articles, which is written by their respective authors.