Statusoppdatering for KDE på nynorsk

Karl Ove Hufthammer <[email protected]>
Newsgroups gmane.comp.internationalization.nynorsk
Message-ID <[email protected]>
Hei!

Det er lenge sidan siste statusoppdatering for nynorskomsettinga av KDE 
her på lista (om det då nokon gong har vore ei slik statusoppdatering). 
Så her kjem ei:

Kort sagt er KDE på nynorsk no i mykje betre stand enn på *mange* år. Eg 
er *endeleg* (i kveld!) ferdig¹ med omsettinga av det som vert kalla 
«kde-workspace», som enkelt sagt er sjølve KDE-brukargrensesnittet 
(inkludert ein del småprogram og systeminnstillingar). Det er her snakk 
om 345 omsettingsfiler, med til saman 16 651 tekstar av varierande lengd 
(68 299 ord på engelsk). I tillegg er eg ferdig med «kde-runtime» (stort 
sett meir av det same) – 71 filer og 3 021 tekstar.

Det gjenstår litt i «frameworks» (cirka 11 tusen av 13 tusen tekstar er 
omsette), men det som gjenstår er stort sett lite synleg og derfor lågt 
prioritert (eks. hundrevis av tekstar for uvanlege måleiningar, av typen 
«ounce per cubic inch»).

Planen vidare er å halda fram med omsettinga av KDE og KDE-programma, 
der eg prioriterer dei mest «synlege» tekstane.

¹ Dvs. med unntak av ei handfull med namn på byar i verda, som ser ut 
til å vera obskure nok til ikkje å ha offisielle nynorsknamn enno.

-- 
Karl Ove Hufthammer

_______________________________________________
E-postlista i18n-nn
[email protected]
https://lister.ping.uio.no/mailman/lister.ping.uio.no/listinfo/i18n-nn
lmpx.com only provides a reader for public news (NNTP) servers. It is not affiliated with the servers or forums shown here and is not responsible for the content of articles, which is written by their respective authors.