Re: Skugge - skygge

Karl Ove Hufthammer <[email protected]>
Newsgroups gmane.comp.internationalization.nynorsk
Message-ID <[email protected]>
Den 22. nov. 2015 14:06, Kolbjørn Stuestøl skreiv:
> Eg held på med å få omsetjinga av LibreOffice til nynorsk mest mogleg 
> i samsvar med retningslinjene.
> Ser at både «skugge» og «skygge» er brukt, nokså tilfeldig trur eg. Vi 
> bør vel vere konsekvente her. Ser ikkje så bra ut når for eksempel 
> knappen «Skygge» opnar menyen «Skugge» eller når det i hjelpeteksten 
> blir vist til fana «Skyggelegging» og fana i brukargrensesnittet 
> heiter «Skuggelegging».
> Spørsmålet er altså: Skal vi bruke «skugge» eller «skygge»?

Det er enkelt. Viss det er snakk om substantivet, er det berre «skugge» 
som er korrekt nynorsk. Det finst eit substantiv «skygge», men det er 
eit inkjekjønnsord, og tyder noko litt anna.

-- 
Karl Ove Hufthammer

_______________________________________________
E-postlista i18n-nn
[email protected]
https://lister.ping.uio.no/mailman/lister.ping.uio.no/listinfo/i18n-nn
lmpx.com only provides a reader for public news (NNTP) servers. It is not affiliated with the servers or forums shown here and is not responsible for the content of articles, which is written by their respective authors.