Re: Statusoppdatering for KDE på nynorsk
Karl Ove Hufthammer <[email protected]>
| Newsgroups | gmane.comp.internationalization.nynorsk |
|---|---|
| Message-ID | <[email protected]> |
Karl Ove Hufthammer skreiv 29. nov. 2015 11:12: > > Planen vidare er å gjera ferdig mappa «applications», som inneheld > «grunnprogramma» i KDE, for eksempel Dolphin, Konsole og Kate. Det er > litt over 4 000 tekstar, der 60 % er omsett frå før. Og der var den ferdig til jul! :) Planen vidare er å omsetta ferdig mappa «kdegames». Innhaldet er vel ganske sjølvforklarande … Det er til saman cirka 6 000 tekstar, og ¾ av desse er alt omsett. Apropos omsetting av spel kan eg nemna at SuperTux no er ute i ein ny versjon. Dette er den første offisielle utgjevinga på over ti år! Og denne versjonen har ein eigen julemodus, så han passar spesielt bra å spela no. Eg har omsett spelet til nynorsk og bokmål. Dette gjeld òg mange av dei ekstra brettsamlingane ein kan lasta ned (og planen er å omsetta *alle* desse). Last ned spelet for Linux, Mac eller Windows frå https://github.com/SuperTux/supertux/releases/tag/v0.4.0 -- Karl Ove Hufthammer _______________________________________________ E-postlista i18n-nn [email protected] https://lister.ping.uio.no/mailman/lister.ping.uio.no/listinfo/i18n-nn